Også før dagsturhytta kom på Fogn blei det ymta frampå om me kunne hatt ein friluftsgudsteneste på Ørnakulå.

No med dagsturhytta på plass blei det søndag alvor av ideen. Prest Svein Nybø frå Randaberg med hytte på Fogn hadde lyst å vere med på dette, og Messing sa ja til å spele. Då var det enkelt for kyrkje og grendalag og gå saman om dette prosjektet.

John Sverre Sandanger (t.v.) og Jon Olav Runestad var klokkarar. Foto: Jakob Bø

Været får me seie blei tenleg, og i mest mogleg ly for ein til tider ganske sterk vind benka om lag 40 personar seg i trappene på nordaustsida av hytta. Klokkespelet som heng på Ørnakulp tente som kyrkjeklokker.

Tekstane for dagen førte vidare påskebodskapen om oppstandelsen og utfordrar oss til å bringe dette gode bodskapet vidare. Songane og musikken var ein takk til Gud for kjærleiken han har gitt oss, landet han gav oss og glede over våren som kjem.

Etterpå var det kyrkjekaffi og gode drøs.

Takk til alle som kom!

Heidi Bø Sangedal

Kyrkjelyden på Fogn i litt ly for vinden i trappa til dagsturhytta. Foto: Jakob Bø