I sommar hadde quizmaster Simen Ingemundsen og trubadur John R. Almås suksess med quizkveld på Fjordbris hotell i Østhusvik.

Fredag 15. september gjentek duoen konseptet med spørsmål og musikk, der dei i tillegg har fått med seg rapartist Markus Hægland.

– Det var populært i sommar. Me ser fram til ein ny festkveld, seier Simen Ingemundsen, som bur i Randaberg og til dagleg er journalist i nettavisa Randaberg24.

Quizmaster Simen Ingemundsen. Foto: Privat

Ingemundsen kjenner Markus Hægland gjennom at rapartisten budde ein periode i Randaberg.

Quizen startar fredag klokka 18.00 og restauranten har ope både før og etter, melder arrangør Fjordbris hotell.