Desse bøkene blei mest lesne av folk i Finnøy og Rennesøy

Utlånstoppen for 2022 er klar. Under kan du sjå kva for bøker som var mest populære på biblioteka i Finnøy og Rennesøy i fjor.

Leiar på biblioteket på Finnøy, Merete Meling Kindingstad, her med ei av dei mest populære bøkene i 2022.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY- RENNESØY: Det er ein tydeleg trend at lese-smaken blant vaksne i dei to kommunedelane er samanfallande. Langt fleire vaksne enn barn og unge les dei same titlane, og ikkje uventa dei mest populære.

– Det stemmer og dei fleste har lange ventelister, seier leiar på biblioteket på Finnøy, Merete Meling KIndingstad.

Ho held fram: -På Finnøy er det slik at mange av dei bøkene med lange ventelister har fått plassering i hylla for 1-vekes-lån. Det betyr at dette er bøker som ikkje kan reserverast, og ein kan dermed vera heldig å finna akkurat den boka inne, sjølv om det er kjempelange ventelister. Det er kort lånetid på desse, 1 veke, men mange prioriterer då denne boka av, og klarer fint å levera tilbake innafor lånetida.

Finnøy
10 på topp- vaksne

– Viljens vei; sårbar
- Min skyld: en historie om frigjøring
- Å vanne blomster om kvelden
- Viljens vei; solkorset
- Besøk fra fortiden
- Mordene på Fleat House
- Natriumklorid
- Olive, igjen
- Abida Raja; frihetens øyeblikk
- Arr

10 på topp – barn/ungdom

–Trollriket
- Snøkattprinsen
- Traktor
- Tanntrøbbel
- Ned i dypet
- Forbrytelse og slafs
- Jakten på kaptein Kroghs gull
- Portaltreet – første del
- Groosham Grange
- Gutta i trehuset med 130 etasjer
- Orkanen

Rennesøy

10 på topp – vaksen

– Å vanne blomster om kvelden
- Jente 1983
- Arr– Mordene på Fleat House
- Den lille bokens hemmeligheter
- Min skyld: en historie om frigjøring
- Fremmedlegeme
- De forviste
- Madam Blonde
- Del det med skyene

10 på topp – barn/ungdom

– Krympekatastrofe
- Bestevennen
- Hyttetur-skrekk
- Bukkene Bruse begynner på skolen
- Egget
- Svømmekonkurransen
- Trollriket
- Dinorsaur: vrimlebok
- Gratulerer med dagen, Corny
- Lilly og Ballerina

– Ein trend blant dei unge er teikneserie/grafiske bøker. Dette er bøker som me ser på begge listene, men dei unge har ikkje den same lånetrongen for dei aller nyaste bøkene. Dei er flinke til å låna det som er inne, og lagar dermed ikkje slike ventelister som ein ser blant litteraturen for vaksne. Eg må og sei at det er sjølvsagt mange like kjekke bøker som ikkje ligg på utlånstoppen. Det er berre å ta seg ein tur innom biblioteket. kanskje finn du ynglingsboka di, oppmodar Merete Meling Kindingstad

Hugs at med sjølvbetjent bibliotek kan du låna bøker når det måtte passa deg.

Til samanlikning legg me ved 10 på topp på Deichman i Oslo:

  1. Jente, 1983 av Linn Ullmann
  2. Gul bok av Zeshan Shakar
  3. Å vanne blomster om kvelden av Valérie Perrin
  4. Stargate av Ingvild Hedemann Rishøi
  5. Emily forever av Maria Navarro Skaranger
  6. Grenseløs av Jørn Lier Horst
  7. Det ellevte manus av Anne Holt
  8. Elskeren av Helene Flood
  9. Tøyeneffekten av Bjarte Breiteig
  10. Full spredning av Nina Lykke