Finnøy skulekorps får 170.000 kroner til dirigent
Kommunestyret har sett av 170.000 kroner i dirigentstøtte til Finnøy skulekorps for 2023.
– Det er knallbra. Det betyr kjempemykje for å få i gong ei skulekorps igjen, seier leiar Anita Mjølsnes Helle i Finnøy musikkorps når ho får høyre at pengar til dirigent er i boks.
Tre eldsjeler i musikkorpset har ei tid jobba dugnad for å dra i gong eit skulekorps igjen i Finnøy. Løyvinga frå kommunestyret i siste kommunestyremøte før sommaren gjer det mulig å få til eit profesjonelt opplegg.
– Det første me må gjere nå er å få tilsett nokon som kan drive undervisning og dirigering, seier soneleiar Per Ivar Thorstad i Finnøy og Rennesøy kulturskule:
– Målet er å kome i gong med skulekorpset når det nye skuleåret startar til hausten.
Mellom 10 og 15 ungar har vore interessert i å spele i skulekorps på Finnøy, får Øyposten oppgitt, blant anna fleire på Ombo.
I Rennesøy kommunedel er det skulekorps både på Mosterøy og i Vikevåg, der skulekorpset på Mosterøy er det største.