Eldrid (103) har ikkje gløymt gamle bakekunstnar

Eldrid Nesheim og dei andre bebuarane på Finnson-avdelinga på sjukeheimen på Finnøy tek julebaksten på strak arm.

Eldrid Nesheim(103) har framleis god dreis på kakebakinga. Her tryller ho fram perfekte julekaker.
Publisert:

Førjulskos på sjukeheimen. Bjørg Olsen (t.v.) og Sigbjørg og Reidar Hadland.

FINNØY: Det fekk ho vist då bebuarane laga julestemning på avdelinga.

Å baka julekaker er ein kjent aktivitet for gjengen på sjukeheimen. Tysdag i denne veka laga dei ein gammal klassikar, Sandkaker.

God stemning rundt bordet.

Jula er tid for tradisjonar og tid med familien. For mange av bebuarane på sjukeheimen blir det vanskeleg med begge deler. Difor er det ekstra kjekt å kunne samlast om ein felles aktivitet rundt langbordet. Julebaksten får fram den gode julestemninga, og gode minner både i lukt og smak.

Ekstra triveleg blei det då Reidar Hadland tok fram trekkspelet, og spela opp mjuke trekkspeltonar.