Sigmund Ledaal er ein ung og talentfull artist frå Finnøy, og i morgon, onsdag kan du sjå hans Idol-audition frå Oslo. Ledaal var òg i fjor med i Idol, men røyk då ut etter gruppeoppgåva. I år håpar han på å koma lengre.

- Eg skal syngja ein song som heiter «Hero» av Family of the Year, fortel han.

- Men du kan ikkje seia korleis det gjekk?

- He-he, nei. Det kan ein sjå i morgon.

- Kvifor meldte du deg på idol?

-

- Korleis er det å stå framføre dommarane?

- Det er veldig nervepirrande. Ein er veldig sårbar der ein står, og anten får du bank eller så lik dei det. Det er rett og slett litt skummelt.

- Kor langt ynskjer du å koma med musikken?

-

Onsdag stiller han altså opp på Idol-audition med gitaren sin og skal prøve å trollbinda dommarane Gunnar Greve, Ina Wroldsen, Vinni og Sandeep Singh. Og korleis det går med Sigmund, det kan ein sjå på TV2 klokka 20.00 i morgon, onsdag.

Ein kan lesa eit meir om Sigmunds idol-audition i fredagens papirutgåve.

Her

Òg Rebekka Imsland frå Finnøy har vore på Idol-audition i år. Om ho gjekk vidare er framleis ukjent, men ut i frå auditionen å døma ser det ut til at ho imponerar dommarane. Den auditionen kan du sjå