Harald Fauskanger har nok av tre på Rennesøy juletregård. Her med hunden hans, Dina.|Harald med sesongarbeidar Marius på Rennesøy juletregård.

RENNESØY:

Harald Fauskanger har holdt på med juletre i mange år. I dag trur han det er rundt 100.000 tre, totalt på juletregården, som han kallar det, men det er ikkje lett å sei.,

Mange av dei skal uansett vekse i fleire år til, før dei endeleg får pynt på seg - heime i stua til ein kunde. Det tar gjerne rundt 10 år.

Reserverer juletre

Og dei er populære, ofte blir mange reserverte i god tid før dei blir kjøpt.

– Det har allereie vore ein del privatpersonar som har merka treet dei vil ha, rundt 40 personar kanskje. Mesteparten av trea går til grossist, for eksempel drar to trailerar drar til Trøndelag, seier Harald Fauskanger.

I år reknar han med det at det kanskje blir seld rundt 7.500 tre.

– Det var faren min som starta å plante her i år 2000. Det var ei stor investering. Om me hadde gjort det same i dag veit eg ikkje, fortel han.

Rundt 21 år etter, dekker skogen av edelgran i varierande størrelsar, ein ganske stor del av området.

Med seg på laget har han tre medarbeidarar. Dei er gode å ha, spesielt i og med at alle trea skal «formes». På mange av dei må det ofte gjeras to gonger, ellers kan dei veksa rart til.

– Det er det som tar tid. Det har ikkje eg tid til, eg er avhengig av desse guttane her eg, seier Fauskanger.

Til vanleg jobbar han eigentleg i «oljå». Juletregården er stort sett er ein sesongbasert jobb.

Harald Fauskanger med sesongarbeidar Marius Cabau på Rennesøy juletregård. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Juletradisjon

Juletre av plast har auka i popularitet dei siste åra. Men Fauskanger sel likevel nok av tre.

– Det er ein konkurranse me berre må innfinna oss med. Det er nokon som berre ikkje vil ha det inn i stua, og dei som har allergi, også vidare. Ein velger sjølv kva ein vil ha. Eg pleier å sei: Du kjøper vel ikkje plastroser til fruen, slik at du kan bruka dei om og om igjen? spøker han.

– Men eg føler det har stabilisert seg litt når det gjeld dette med plast og ekte tre, legg han til.

På gården kan du få det ferdig hogga og pakka, men du kan også vera med på å hogge det sjølv.

– Gården er langt utforbi allfarvei, for å sei det sånt, men det er kjekt når det kjem kunder heilt frå for eksempel Randaberg, Sandnes og Hundvåg. Fleire gjer det til ein juletradisjon at dei kjem og henter treet saman, seier Fauskanger.