Arrangørane lokkar med gratis popkorn og lotterigevinstar på billettane når dei torsdag 4. april viser dokumentarfilmen «Viking for alltid» i Østhusvik grendahus. Ein som ikkje treng stort for å la seg lokka er lokal Viking-fans Håvard Helgøy.

– Eg gler meg til å sjå filmen, som følgjer Viking gjennom fjorårssesongen. At me vann ti kampar på rad er nok med, men det kan kanskje bli litt surt på slutten, seier Helgøy.

Å vinna noko

Filmen følgjer trenarane Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim når dei skal prøva å gjenreisa Stavanger-klubbens ære etter den begredelege 2022-sesongen. Lenge gjekk det godt og betre enn godt.

– Før kvar sesong tenker me alltid at nå skal det skje, nå skal me vinna noko igjen. I fjor tenkte me det ganske lenge, men så hamna me på fjerdeplass, seier Helgøy.

Seriegull har ikkje Viking vunne sidan 1991. Det var omtrent då Helgøy lærte at Viking er laget for ein frå Rennesøy.

– At Viking blei mitt lag skjedde heilt eksakt i 1989 då me slo Molde i cupfinalen etter omkamp, seier Helgøy.

Då var han ti år gammal og budde på Bru. Nå er han 45 og bur i Østhusvik. To cupgull har det blitt, men ikkje fleire seriegull. Lojaliteten til dei mørkeblå har likevel aldri vore sterkare.

Dumpa England

Til dagleg er Helgøy lærar på Rennesøy ungdomsskule. Han underviser i musikk, engelsk og spansk. Bare det siste skulle tilseie at han gjorde som så mange andre her i landet som er oppteken av fotball; legg hjartet på matta ein heilt annan stad enn heime:

– Eg bruka å halda med Newcastle, men då dei blei kjøpt opp av Saudi-Arabia for eit par år sidan, var det slutt. Eg tenker på menneskerettar. Då blei det 100 prosent Viking.

Nå brenn han for at folk bør støtta lokale lag i staden for lag i England.

– Eg har sagt det til dei to sønene våre, seier Helgøy.

Eldstemann er fast med til Jåttåvågen for å sjå heimekampar. Yngstemann er ikkje interessert.

– Å ikkje vera interessert i fotball er heilt greitt, seier Helgøy.

Ein blåe dag

Kona Heidi Lillian Roland Helgøy er litt interessert.

– Ho er frå Kristiansand og heia litt på Start før dei blei veldig dårlege. Nå heiar ho litt på Viking, og ho er med på at me legg opp ferien etter heimekampane, seier Helgøy.

Han flaggar kvar gong Viking spelar, men reiser sjeldan på bortekampar, og han står ikkje på Felt O med pyro og skrålar i to gonger 45 minuttar. Helgøy sit på langsida og syng Ein blåe dag før kampen startar.

– Men all ære til dei på Felt O, seier han:

– For meg er noko av det beste å møta kompisar før kamp og snakka gjennom situasjonen. Før sesongstart gler eg meg alltid veldig. Kampane kan vera smertefulle. Det er høge toppar og djupe dalar.

Torsdag får Helgøy sjå deler av fjorårssesongen i reprise på filmlerretet i Østhusvik grendahus.

Og i år kan det skje. Viking vann første kamp 1–0 heime mot Sarpsborg.