Øyposten skreiv nyleg om at sauebøndene i øyane har det soialt i lamminga. Her er det noko som skurrar, seier Gerd-Solveig Kindingstad.

– Det heiter «lemming», med «e». «Lamming» er noko heilt anna. «Lamming» betyr at til dømes ein kroppsdel blir lam, det vil sei mistar all kraft og kjensle, seier Kindingstad.

Ho er utdanna filolog og var lektor i engelsk og norsk ved Notodden lærarhøgskule i mange år før ho og mannen flytta heim att til Finnøy som pensjonistar. Kindingstad er oppteken av ord.

– Språket blir fattigare viss me bare legg vekk eit ord som «lemming».

Ifølgje Nynorskordboka er det lov å skriva både «lamme» og «lemme» om ei søye som får lam.

Verbet «å lema» eller «lemma» betyr dessutan å dela opp eit slakta dyr, kan Øyposten skøyta til, så me kjem ikkje heilt unna doble tydingar når det gjeld dette med sauer og lam.

Kva kallar du den tida då sauene får lam?