Øypostens julequiz

Publisert: Publisert:
Veit du kor høgt Hodne på Rennesøy er?

Kor god er du på lokalkunnskap:

1. Kva for ein kommune blir rekna som fruktkommunen i Ryfylke?

2. Ein attraksjon i Ryfylke har blitt fremja som kandidat til UNESCO si verdsarvliste. Kva for ein?

3. Heit juice er namnet på ein roman som som blei kåra til beste nordiske kriminalroman i 1993. Kven er forfattaren?

4. I kva for ein fjord renn «Whiskyfossen» ut?

5. Kor høgt er Hodnefjellet? 233 meter

6. Kva er Allmannajuvet, og kor ligg det?

7. Utstein Kloster er landets best bevarte middelalderkloster. Kor gammalt er det?

8. Ein av kommuane i Ryfylke, er den største i Rogaland. Kva for ein kommune er det?

9. Kor ligg den Blå lagune, og kva er det?

10. Kor ligg den best bevarte trehusbebyggelsen i Ryfylke?

11. Kven er leiar i Rennesøy og Finnøy turlag?

12. Kva heitte EU-prosjektet som Finnøy var med i frå 2010 - 2013?

13. Kommunevåpenet til gamle Rennesøy kommune blei utforma av ein lokal kunstnar. Kven?

14. Ein politikar frå Ryfylke blei eksludert frå Arbeiderpartiet i 1961 og var med å danna Sosialistisk Folkeparti like etterpå. Kor var han fødd og kva heitte han?

15. Ein annan kjent norsk politikar i dag har røter frå same stad. Kven er det?

16. Når blei området på Fjøløy opna for allmenheita?

17. Eit fotballlag i Ryfylke har «verdas beste keeper» - i sin vektklasse. Kva heiter fotballaget?

18. Kven klypte snora då Finnfast opna i 2009?

19. Kva tid blei Rennfast gratis?

20. Kor blir den populære Jærstolen laga?

21. Kva heiter det eldste bedheuset i Ryfylke som framleis er i bruk, og kor står det?

22. Kor døyde den kjente norske matematikaren Niels Henrik Abel?

23. Kva tid levde Abel?

24. Nemn minst to personar som har fått Pilt-Ola prisen?

25. Kva for ein institusjon i Rennesøy fylte 40 år i år?

26. Kva parti tihøyrer desse politikarane?

Nils Petter Flesjå?

Jon OlavRunestad?

Birger Wikre Hetland?

Elin Schanche?

27. Kven har overteke ansvaret for Tomatfestivalen?

28. Kva betyr namnet Ryfylke?

29. Kva for kommunar består Ryfylke av?

30. Vassdalseggi er Rogalands høgste topp. Kor ligg den?

Svar: 1. Hjemleland 2. Preikestolen 3. Kolbjørn Hauge 4. Lysefjorden 5. 233 meter 6. Sinkgruver, ligg i Sauda 7. År 1265 8. Suldal 9. Idyllisk båtutfartsområdet på Nord-Talgje i Sjernarøyane 10. Jelsa 11. Kirsti W. Løvik 12. Vital Rural Area 13. Svein Magnus Håvarstein 14. På Sjernarøy, Berge Furre 15. Mimir Kristjánsson 16. 2011 17. Fogn Idrettslag 18. Magnhild Meltveit Kleppa 19. 28.juli 2006 20. Hjelmeland 21. Bethel på Finnøy, bygd i 1878 22. I Froland i Agder 23. Han var fødd i 1802 og døyde i 1829 24. Jan Terje Vignes, Magnhild Metveit Kleppa, Per Inge Fjellheim, Bjørn Mo, Jon Arne Helgøy med fleire 25. Rennesøy helse- og omsorgssenter 26. Høyre, Ap, Sp og Høyre 27. Eventfirmaet Mango 28. Oppkalla etter folka som budde der, Rygene 29. Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og kommunedelene Finnøy og Rennesøy i Stavanger pluss Forsand i Sandnes og Kvitsøy 30. I Sauda.

Veit du dette:

  1. Songen «Santa Lucia» har opphavleg ikkje noko med helgenen
    Lucia å gjera, men handlar eigentleg om ein italiensk by. Kva for ein?
  2. Kor skal danskane sitt juletre ifylgje tradisjonen helst koma frå?
  3. Kva insekt er det vanleg å pynta juletreet med
    i Ukraina?
  4. Kva er rollenamnet til guten som blir heime aleine i
    filmane med same namn?
  5. Kva for ein regissør står bak den svenske filmen
    Fanny og Alexander?
  6. Kven spelar rolla som Sonja i Reisen til julestjernen frå 1976?
  7. På kva for ei fastfoodkjede er det blitt ein tradisjon
    i Japan å eta middag på julaftan?
  8. Etter at Josef og Maria forlet Betlehem med Jesus, kva land reiste dei til?
  9. Kva var spesielt i kalenderserien «Vertshuset den gyldne hale» frå 1989? Skuespillerne kommuniserte med tegnspråk i tillegg til tale
  10.  Kva er hovedingrediensen i akevitt?
  11. Kor kjem skikken med juletre frå?
  12.  Gull og røykelse veit me kva er. Men kva er myrra?
  13. Kva heiter gjestene rundt bordet til grevinna i “Grevinnen og hovmesteren”?
  14. Kva krydder skal helst brukast i lussekattar?
  15. Når blei skikken med julenisse innført i Norge?
  16. Kva er det åttande ordet i andre vers av Glade jul? Lyd.
  17. Jon Blund, som mange av oss hugsar frå Skomakergata, kjem opphavleg frå kva for eit land?
  18. Kva år kom originalversjonen av filmen «Tre nøtter til Askepott ut»?
  19. Kva for ein julesong er mest spelt på Spotify?
  20. Kva betydde opphavleg skikken med å ha mandel i grauten?

Svar: 1. Napoli 2. Norge 3. Edderkopp 4. Kevin 5. Ingmar Bergman 6. Hanne Krogh 7. KFC (Kentucky Fried Chicken) 8. Egypt 9. Skodespelarane kommuniserte med teiknspråk i tillegg til tale 10. Potet 11. Skikken stammar opphavleg frå Tyskland 12. Myrra blir laga av harpiks frå sevja til tre i slekta Commiphora, som inngår i balsamfamilien. Det er råvare for parfyme og røykelse 13. Sir Toby, Admiral von Schneider, Mister Pomeroy og Mister Winterbottom 14. Safran 15. På slutten av 1800-talet 16. Lyd på bokmål, himmeljod på nynorsk 17. Aust-Tyskland 18.I 1973 19. All I want for christmas is you med Maria Carey 20. Den som fekk mandelen skulle bli den første til å bli gift det komande året.