Av Arnfinn Olsen , Ombo

Bladet «Misjonstidene» (utgitt av NMS, Det Norske Misjonsselskap) hadde i august tema «180 årfrivillighet» . Det frivillige engasjementet i misjon og menighetsliv er viktig å markera, og NMS fortjener ros for å presentera, også denne historia!

I bladet var det også ei «oversikt» over stader som er oppkalla etter øya Madagaskar, der NMS har dreve misjon sidan 1866. Ombo i Ryfylke, der eg bur, var med i denne lista. Og i mange generasjonar har øya vår på «folkemunne» blitt kalla Madagaskar.

Madagaskar er som kjent også «Solskinns-øya», så eg synes navnet passar bra, også på Ombo!

Likevel vil eg korrigera nokre av «faktaopplysningane» i artikkelen omkring kallenavnet Madagaskar på Ombo.

Der kan vi også lesa at «predikanten Lars Oftedal arrangerte «heiamøter» på Bergaland på Ombo». Lars Oftedal har nok satt spor etter seg i Ryfylke, men ikkje på «Heia-møte» på Ombo!

Dette var eit sommarstevne, som Ombo-buar starta sjølve i 1895, etter ei stor åndelig vekking då Reinert Pedersen frå Farsund var her.

Madagaskar-myte

Stevne blei arrangert dei første åra på garden Nårstad midt oppe på Ombo-heia, og Reinert Pedersen var ein av talarane på det aller første møte. Rundt 1900 blei heiamøtet flytta til Vatland, og når det nye skulehuset på Kaltveit blei bygd blei det flytta dit.

«Heiamøte» blei etter kvart eit kjent «begrep» som sommarstevne i Ryfylke, til oppbygging med forkynning, song og bønn, men også eit sosialt samvære på ei stor øy med spreidd busetnad. Stemne kunne samla mellom eitt og to hundre menneske på det meste, og båtar kom frå nabobygder; og alle hadde Ombo-heia som mål! Dette sommarstevne blei arrangert i ca.100 år.

I bladet blir det også vist til at «lokal-kjente på en annen øy i Ryfylke» antyder at Ombo blei kalla Madagaskar fordi det var så «mange hedninger der».

Nå er ikkje dette ordet så vanlig lenger her i vår dagligtale, og relativt sjeldan å sjå i dagens misjonsblad! Men eg trur ikkje dette er bakgrunn for at kallenavnet Madagaskar blei brukt på Ombo. Det er heller ei «myte» som har kome i ettertid.

Kristenlivet og misjonsinteressa har historisk sett hatt sterke røter på Ombo, og er truleg årsaka til kallenavnet Madagaskar! Den første Afrika-misjonæren Hans Christian Knutsen kom på besøk til Ombo i 1840, og i tida etterpå blei det starta kvinneforening i fleire bygder , bl.a. i Jørstad-bygda (John Nome: Det norske misjonsselskap 1842-1942).

Haugiansk lekpredikant i Amerika

Olav Golf , 1922 - 2013 Foto: Privat

I jubileumsboka for Stavanger krets; «Liv i vekst» av Emil Birkeli (1946) blir Jørstadbygda på Ombo nevnt blant dei første kvinneforeningane til Misjonsselskapet. På Hjelmeland-sida blei det stifta felles misjonsforening med Jøsneset etter besøket av H.C. Knutsen.

Olav Golf (1922 - 2013), var født på Ombo. Han tok lærarutdanning, og blei etter kvart den første pedagogikklæraren ved Lærarhøgskulen i Stavanger. Då han blei pensjonist busette han seg i Holum , der kona Marit var frå. Men han hadde feriebustad her på øya, og eg og min familie hadde mange gilde besøk av han og kona.

Det er i år hundre år sidan han var født, og som den produktive forfattaren han etter kvart blei, er det på tide med ny oppmerksomhet på arbeidet hans. Då han var 73 år, blei han dr. philos på ei avhandling om «Red Wing Seminarium, en haugiansk høyskole i Minnesota».

Olav Golv har skreve 20 bøker og mange vitenskapelige artiklar. Tema i mange av bøkene er lekmannsarbeid og kristenliv. Familien hans hadde bakgrunn frå eit haugiansk miljø her på Ombo, og store delar av hans faglitterære arbeid var prega av det. I boka «Vandringsmannen Elling Eielsen»(1996) , har han også eit eige kapittel om haugianeren og læraren Ole O. Hetletvedt (1797 – 1854), frå Ombo.

Hetletvedt utvandra på sluppen «Restauration» 4.juli 1825, med ankomst 10.oktober. Hetletvedt blei den første som tok med Hans Nilsen Hauges skrifter over til Amerika. Ole Olsen Hetletvedt blei seinare kjent som den første haugianske lekpredikanten i Amerika.

Mista livet i borgarkrigen

I ettertid er kanskje sønnene Porter C. Olson, og Søren Luther Olson meir kjent. Begge miste livet i den amerikanske borgarkrigen, som varte frå 1861 -1865.

Då Olav Golf var i 25-årsalderen gjekk han rundt på Ombo og intervjua eldre folk om den religiøse lekmannsrørsla på øya. Han noterte ned det dei fortalde, slik at me i ettertid får god kjennskap til lekmannsrørsla på Ombo i siste halvdel av 1800-talet, og første halvdel av 1900-talet.

Han har brukt ein del av dette kjeldematerialet i artiklar, føredrag og bøker som han skreiv i ettertid. Olav Golf har fortalt at H.C. Knutsen «vekte misjonsinteresse blant haugianarane på Ombo. Haugianarkvinnene vart gripne av misjonssaka, og spinnesamlingane vart vanlige på Ombo i 1840-åra». På desse spinnesamlingane kunne kvinnene bæra rokken sin opptil «ei mils veg att og fram».

Olav Golf fortel også at «dei første åra vov dei i foreninga. Dei kalla det misjonsvev. Og så spann dei. Vadmål og garn selde dei i Bergen. Dei hadde ikkje basar dei første åra.»

Misjonsselskapet kjenner nok også til historia om Hans Rabeony (1863 – 1956). Rabeony blei i 1902 valgt til kyrkja sin første gassiske president på Madagaskar (Cornelius Munkvik: Madagaskar. Mennesker og menigheter etter 150 år med norsk misjon. 2017)

-Så mørk og like vel så ljos

Hans Rabeony frå Madagaskar, var den tidlegare slavegutten, som blei oppfostra av misjonærparet Borchrevink. Faren blei kjøpt fri som slave av biskop Hans Schreuder, Misjonsselskapet sin første misjonær. Rabeony var også den andre afrikanske studenten ved Misjonsskulen i Stavanger i 1880-åra.

I 1936/37 var Rabeony på turne i Norge, og talte på stevner og gudstjenester i heile landet. I Stavanger Aftenblad frå mai 1937 kan ein lesa eit referat frå eit ungdomstevne på Jelsa (som ein del av Ombo då høyrde til). På Jelsa talte «pastor Rabeony» til «den store forsamling (antagelig mellom 1500 -2000 mennesker)» Frå Jelsa ser ein rett over til Ombo, og Hans Rabeony fekk nok høyra historia om Madagaskar i Ryfylke.

Forfattaren Jon Moe , har i boka si «Ryfylkeania»(2001) skrive om den «norsktalande pastor Rabeony som kom til Ombo i 1937, og imponerte alle folk:

- Tenk å vera så mørk og likevel så ljos!»

Det er nok det tidlege, og viktige misjonsengasjementet av folk på Ombo som er bakgrunn for at øya også blei kalla «Madagaskar».