Utviklingsstipend til trebåtbyggar Jørn Magne Flesjå

Trebåtbyggar Jørn Magne Flesjå på Finnøy vil dokumentere riggen til små båtar i Rogaland som er 100–170 år gamle og til dette arbeidet har han fått fylkeskommunen sitt nye utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar.

Publisert: Publisert:
Jørn Magne Flesjå har fått stipend frå fylkeskommunen.

FINNØY: Rogaland fylkeskommune har i år oppretta eit nytt utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar innan bygnings- og fartøyvern. Fredag 23. september blei to stipend, på 75 000 kroner kvar, tildelt båtbyggar Jørn Magne Flesjå frå Finnøy og tømrar Leif Harald Jørmeland frå Hjelmeland.  

Formålet med det nye stipendet er at handverkarar i Rogaland får utvikle seg fagleg utvikling innan bygnings- og fartøyvern, og stimulere og inspirere til framleis innsats for kulturarven.

– Dette stipendet gir meg ein spark til å komme i gang med noko eg lenge har ønskt å fordjupe meg i, fortel Jørn Magne Flesjå.

Rogalands-historie

-Rogaland har ikkje vore så flinke til å dokumentera si eiga historie, meiner Jørn Magne Flesjå.

I fleire år har Flesjå ønsket seg meir kunnskap og dokumentasjon av riggen på tradisjonsbåtar i Rogaland. Ein rigg er  Seglfartøyet si mast og tilhøyrande tauverk.

Flesjå vil studere små båtar frå 1850 til 1920 med størrelse opp til 25/30 fot, færingar og seksæringer. Ein færing er ein robåt med to par årer, og ein seksæring er ein robåtar med tre par årer.

– Rogaland har ikkje vore så flinke til å dokumentere si eiga historie. Dei til dømes vore mykje flinkare til å dokumentere båtane frå Hardanger til Nordland, seier Flesjå.

Han planlegg å starte innsamlinga av informasjon no i haust.