Korbesøk og mjuke tonar i Sjernarøy-kyrkja
Koret «Kor e du» varta opp med vakre poplåtar mens Hanne Vasshus baud på nokre av sine eigne sangar under konserten i Sjernarøy kyrkje laurdag kveld.
SJERNARØY: Konserten var støtta av Stavanger bispedømme og Stavanger kirkelige fellesråd, og blei arrangert i samarbeid med soknerådet i Sjernarøy.
På repertoaret stod songar av kjente artistar som Dagny, Katy Perry, Justin Bieber og Miley Cyrus, før koret avslutta konserten med den vakre «This is me» frå filmen «The Greatest Showman» saman med Hanne Vasshus.
Konserten i rennesanse-kyrkja kom i stand etter initiativ frå dagleg leiar i Finnøy-kyrkja, Heidi Bø Sangedal. Hanne Vasshus takka ja til oppdraget, men stilte som vilkår at ho fekk med seg koret «Kor e du», som ho hadde opptrredd saman med under ein konsert i regi av Frelsesarmeen i vår.
Dirrigent Tine Hodne var ikkje vanskeleg og be, og er svært begeistra for Sjernarøy-kyrkja.
-Det er ei flott kyrkje med rosemalinga og altertalva, lyst, varmt og trygt, seier Hodne til Øyposten.
Sjølv om det var bare ein del av koret som stilte på konserten, blei det ei flott oppleving for dei 20-tals frammøtte.