RENNESØY:

Det var fullt hus på Rennesøy kulturhus, Meieriet, i Vikevåg då dei lokale korpsa spilte opp til fest for å heidre både eit gjevt jubileum og si eiga historie.,

Publikum i alle aldrar møtte opp, mange av dei har sjølv vore med, eller er i dag med, i Mosterøy eller Rennesøy skulekorps.

Over kneika

– Det var eit tidspunkt under pandemien då me var redd for at korpsa rett og slett ikkje skulle overleva. Men nå kan eg sei me heldigvis er over kneika, og at me faktisk veks i antal, sa styreleiar i Rennesøy skulekorps, Ingrid Løland, då ho talte i starten av jubileumskonserten mandag kveld.

I dag er det totalt 23 personar i korpset, men det har vore heilt nede i ni på det minste. I Mosterøy skulekorps er dei i dag rundt 18 personar.

– I kveld er dei nær 50 musikantar til saman. Eg synest det er heilt fantastisk at me no kan feira 50 år, seier ein glad styreleiar til Øyposten.

– Me var nesten «kritisk trua» kan ein sei, og at me no har klart å reisa oss igjen, òg at me har klart å halde i live ein 50 år gammal korps-tradisjon i øyane, ja, det er fantastisk. Me står på skuldrane til andre kjempar som har bana veg for dette, seier Løland.

«Kjempane» ho snakkar om, er alt frå flinke dirigentar, til foreldre, frivillige, musikanter og styremedlemmer.

Mathias Tessem (15), Jonatan Saglien Svensen (14) og Ravn Alec Michael Løland Gundersen (14), har alle gått i korps i rundt fem-seks år. – Det er kjekt at det har vore her så lenge, seier Løland Gundersen. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Brubyggarar

Trass kraftig nedgang i koronatidene, har dei ikkje vurdert å slå seg saman til eitt korps. Begge korpsa er godt nøgde med dagens samarbeid.

– Me har ikkje vurdert det foreløpig, men eg synest me spelar kvarandre gode. Me samarbeidar allereie om mange ting, som seminar og korpsturar, seier Løland.

– Som innflyttar synest eg det var imponerande med to forskjellige korps i eit så lite lokalmiljø. Det er uansett ein tunnel mellom oss, så barna kan ikkje berre dra hit og dit sjølv, så det er naturleg at det er to korps, seier styremedlem i Mosterøy skulekorps, Ståle Jensen.

– Me er brubyggarar, legg Løland til, med eit smil.

Styreleiar i Mosterøy skulekorps, Ingvild Skare, synest det er stor stas at korpsa kan feire dette saman.

– Det er jo lenge med 50 år. Det er fantastisk. Det er veldig kjekt å feira med Rennesøy skulekorps. Samarbeid gjer oss sterkare, me speler kvarandre gode, som Ingrid seier, fortel Skare.

Styreleiar i Mosterøy skulekorps, Ingvild Skare (f.v.), saman med styreleiar for Rennesøy skulekorps, Ingrid Løland. I bakgrunnen kan du skimte uniformane til korpsa. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang