Arrangerte gratis arrangement - samla inn over 50.000 kroner

«Streamdagen» blei ein suksess, både som arrangement og pengeinnsamling.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Otto Norman Tobiassen på 5 år ga gass då han deltok på barneløpet. Løpet gjennomførte den spreke gutten med fersk ansiktsmaling.|– Victor, Kenneth og Lars Tore vaska bilar gratis for dei som måtte ønske det, fortalde Tom Egill Tobiassen.|VINNARAR: Leiar Tom Egill Tobiassen (f.v.) kom sjølv på ein tredje plass i sponsorløpet, medan Lars Tore Nordbø Ognøy vann hovudpremie for størst innsamla sponsorbeløp. Kasper Asmarvik tok førsteplassen, medan Bjørg Lauvsnes hamna på andre plass.

RENNESØY:

Rundt 100 personar tok turen for å delta på festdagen som ungdomsklubben arrangerte i Vikevåg på søndag.,

Dei besøkande lot seg lokka av ein lovnad om at alt var gratis, og fekk dermed mykje for «pengane». Målet var å skapa ein familiefest for store og små, samstundes som ein blei oppfordra til å donera ein slant med pengar til eit godt føremål.

Det gjorde susen. Klubben «Stream Ungdom» fekk til saman inn over 50.000 kroner frå dei besøkande. Pengane skal gå til barneheimen Arken, som ligg i Cochabamba, Bolivia.

Takknemleg

Det er foreldra til Elizabeth Miranda Pettersen, fritidsleiaren i Vikevåg, som driv barneheimen.

– Bolivia har hatt det spesielt tøft under koronapandemien. Ting som me her i Noreg tar heilt for gitt, er heilt essensielt for dei. Tusen takk til alle som har sponsa, sa ho.

Pettersen, som flytta til Noreg som 15-åring, understreka at dette ville bety enormt mykje for barna.

Fritidsleiar i «Stream»-klubben, Tom Egill Tobiassen, sa seg einig med Pettersen, og la til:

– Me ser verkeleg verdien av å gi, og givargleden var stor på søndag.

Ungdomsklubben har samla inn pengar til den same barneheimen i rundt tre år.

Tilbakemeldingane etter arrangementet var gode, og både arrangørane og dei besøkande var einige om at dette var noko dei måtte gjera igjen, kunne Tobiassen fortella.

https://www.oyposten.no/2021/09/16/ungdommar-inviterer-til-festdag-i-rennesoy/

– Victor, Kenneth og Lars Tore vaska bilar gratis for dei som måtte ønske det, fortalde Tom Egill Tobiassen.

Gratis bilvask

Arrangementet hadde diverse aktiviteter og konkurransar, samt sponsor- og barneløp. Gjestene kunne også få ansiktsmaling og forsyne seg med kaffi og kaker.

I tillegg kunne dei som trengte det, få vaska bilen sin gratis.

– Dette skal vera eit arrangement for alle. Ungdomen ville laga ein gøy dag for store og små, dersom arrangementet hadde kosta dei noko ville det kanskje heva terskelen for å ta turen, sa Jofrid Bru Staurland, som tok seg av serveringa.

Eit høgdepunkt var barneløpet som gjekk rundt Vikevåg skule, samt sponsorløpet som varte i ein time. Der var det tjue personar som deltok, og Lars Tore Norbø Ognøy kom på første plass når det gjaldt innsamla midler.

Løpets raskaste blei Kasper Asmarvik, med Bjørg Lauvsnes på andre plass og Tom Egill Tobiassen på tredje plass.

VINNARAR: Leiar Tom Egill Tobiassen (f.v.) kom sjølv på ein tredje plass i sponsorløpet, medan Lars Tore Nordbø Ognøy vann hovudpremie for størst innsamla sponsorbeløp. Kasper Asmarvik tok førsteplassen, medan Bjørg Lauvsnes hamna på andre plass.