Leif Arild Steen er aktuell med ny podkast. Foto: Privat

Tomatpodden kan du høyre der du vanlegvis høyrer på podkast. I alle fall dersom du vanlegvis høyrer podkastane dine på Spotify eller Podkaster. Kanskje han finst andre stader også, men det har ikkje journalisten undersøkt.

For dei som ikkje veit kva ein podkast er: det er litt som radio, men du høyrer på podkastane kva tid du vil. Du kan finne snakk om både det eine og det andre på podkastar.

No har Leif Arild Steen sørgja for at du også kan høyre på snakk om tomatar. Det må jo vere midt i blinken for tomatøyane i avisa sitt dekningsområde. Fire halvtimes lange episodar ligg ute til lytting allereie, og dei kan du til dømes lytte til når du er ferdig å lese denne artikkelen om viktige lokalnyheiter.

– Dette er eit prosjekt som er i start- og utviklingsfasen. Lauvsnes Gartneri er oppstartssponsor og «fødselshjelpar», seier Steen til Øyposten.

Han fortel at målet til Tomatpodden er å auke glede, lyst og kunnskap om norske tomatar på ein hyggeleg og lystprega måte.

Dette målet får journalisten til å stusse ein augeblink, for er det i det heile tatt mogleg å gjere tomaten ikkje hyggeleg?

– Målgruppa er alle som liker tomatar, alle som ikkje liker tomatar, både forbrukarar og bransjefolk, legg han til. Det er kanskje dei som ikkje liker tomatar som synest at ho ikkje er hyggeleg, konkluderer journalisten.

– Ei av dei store fordelane med Tomatpodden, som me allereie har merka, er at han framkallar smil. Og han er heilt ufarleg. Derfor er det ingen som har sagt nei til å vere gjestar enno, sjølv om dei berre får betalt i tomatar, ler Steen:

– Me er veldig stolte av at kjendisar som til dømes Erik Thorstvedt, Arne Brimi, Oddvar Vignes, Ryfylkekokken med fleire har vore med så langt.

Han seier at han vonar at dei får moglegheita til å utvikle podkasten vidare.

– Det skal i alle fall ikkje stå på gjestane, avsluttar han.