Kiril Kutin er festivaldirektør. Han er også dirigent for Mastrakoret. Foto: Stavanger Internasjonale Pianofestival

Kutin er primus motor og festivaldirektør for festivalen som huser anerkjente internasjonale pianistar, og som også fremjar lokale musikarar frå Universitetet i Stavanger, kulturskolane og musikklinja på Stavanger Katedralskule.

– Som ein ideell organisasjon styres vår festival av eit frivillig styre. Me jobbar saman for å skape ein festival som etterlater et varig inntrykk og beriker liva til alle som deltar, seier Kutin.

Festivalen er støtta av blant anna Stavanger kommune, Pizzabakeren, Ostehuset og Sirkus Renaa.

– Det har vore viktig for oss å involvere musikkstudentar i festivalen, og me planlegg også promokonsertar på skulane i området, fortel han vidare.

Opningskonserten vil gå føre seg på fredag i Stavanger Konserthus, og gjennom helga vil det vere fleire konsertar.

For meir informasjon kan du sjå på denne nettsida. Her kan du også få kjøpt festivalpass.