Iselin Tuca (f.v.), Lillian Eike og Malin Tuca ser ut til å ha godt lag med slangen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Først må me finne ut kva ein herpetolog er for noko.

– Eg er ein herpetolog, fortel Ormstad:

– Det betyr at eg har studert og lært mykje om reptiler og amfibier. I tillegg er eg naturfaglærar.

Frå taket heng sprø ham som slangane har skifta ein gong dei gjekk ut or sitt gamle skinn. Bjørn Ormstad syner den lysegule kongepytonen. Foto: Oda Cecilie Talgø Klakegg

Før han kom til Finnøy bibliotek, hadde han vore på Rennesøy bibliotek med same foredraget. Med seg hadde han ein kasse med levande slangar og ei overrasking.

Gitt ut bok

– Eg har skrive boka «Slanger og sånt». Då eg var liten, var eg lidenskapeleg opptatt av slangar, men det fanst lite litteratur om emnet på norsk. Denne boka fortel det meste om slangar og øgler, og har eit eige kapittel om artane du kan finne i norsk fauna.

Mange barn og ungdommar, og ein del foreldre, følgde konsentrert med då Ormstad fortalde om forskjellen på øgler og slangar.

Publikum følgde med då Ormstad fortalde om slangane. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Mange trur til dømes at stålormen som du finn i norsk natur er ein slange. Det er han ikkje. Han er ei beinlaus øgle. Det er fordi han har augelokk. Slangar har ikkje augelokk, fortel Ormstad.

Han syner ved hjelp av eit tau kor lang verdas lengste slange var.

– Hadde det ikkje vore kult å møte ein 15 meter lang slange? spør han. Journalisten tenker nei, men barna er einige med han.

– Den minste slangen som finst, kan bli så lang, seier han og viser ein taustump på ti centimeter.

Verdas minste slange er knappe ti centimeter lang. Foto: Silje Talgø Klakegg

Norske slangar

Ormstad fortel om dei tre slangeartane som finst i Norge, hoggorm, buorm og slettsnok. Det finst to øgleartar her, stålorm og firfisle.

– Øglene kan kaste halen sin om dei kjenner seg truga, fortel han så:

– Dette kallast autotomi. Når til dømes ei katte forsøker å angripe øgla, vil øgla kople av halen. Halen vil fortsette å bevege seg og øgla kan krype i tryggleik medan katta er opptatt av halestumpen som ligg igjen.

Eirill Molven har gleda seg til endeleg å få halde kongepytonen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Han seier at det er bra viss ungane vil fange firfisler eller stålormar, men at det er fint om ein då freistar å ta tak langt framme på dyret.

– Sikt føre, så slepp han ikkje halen sin. Me vil jo ikkje at han skal bruke opp forsvaret sitt. Autotomi kan berre nyttast ein gong, og halen som veks ut, vil sjå noko annleis ut enn den gamle.

Mange dyr

Heime har Ormstad heile 117 slangar og ei øgle.

– På NRK Super kan du sjå ein episode om heimen min på programmet «Bli med heim». Der kan du sjå korleis eg har det heime med alle dyra mine, seier han.

Ingvild Tobiassen hygger seg med snok. Foto: Silje Talgø Klakegg

Så er det på tide for ungane å helse på slangane. Det var jo helst derfor dei kom. Mange har tatt på slangar før, medan andre ikkje har hatt moglegheita.

– Det er tre viktige reglar, seier Ormstad:

– Ikkje ta på ansiktet til slangen. Ingen poking. Ikkje halde dei fast eller klemme på dei. Dette liker dei ikkje. Slangane er ikkje farlege, men viss dei blir redde kan dei bite.

Hedda Tobiassen Bergøy synest ikkje at slangane er skumle i det heile tatt. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ungane følgjer reglane på framifrå vis, og dei ventar tolmodig medan Ormstad går mellom alle som vil halde eller ta på slangane. Den første slangen liknar ei lysegul banan. Han er ein kongepyton.

– Han er så mjuk, seier Eirill Molven når slangen buktar seg rundt handa hennar.

– Han er iskald, seier Per Tobiassen Bergøy.

– Eg synest at han er akkurat passe, seier Torjus Reilstad.

Det var spennande å lære om kor lang ein slange kan bli. Foto: Silje Talgø Klakegg

Fleire slangar

Nok ein slange får gå på rundgang blant barna. Den er mykje mindre, og albino. Derfor er han kvit, med ganske raude auge.

Den tredje slangen er raud, kvita og svart. Han prøver å snike seg opp i genserermet til Hedda Tobiassen Bergøy, og det kiler.

Til slutt kjem overraskinga. Ei øgle får kome ut or kassa si og helse på ungane.

– Denne er kosedyret vårt, fortel Ormstad:

– Han elskar å bli kost med.

Isabel Landa synest at øgla var fin og litt piggete. Foto: Silje Talgø Klakegg

Riktig namn

Journalisten kan ikkje la vere å spørje; kva kom eigentleg først, namnet eller interessa?

– Namnet har vore i familien sidan vikingtida, så det kom nok først, seier Ormstad. Det kan vere at han har fått same spørsmålet tidlegare.

– Men når eg først hadde dette namnet, er det berre naturleg at eg blei interessert i ormar, ler han.

Etter foredrag og helsing på slangane, tar Ormstad seg tid til å signere mange bøker. No kjem kunnskap om slangar til å auke betrakteleg på Finnøy. Kanskje det til og med var nokre framtidige herpetologar blant det unge publikummet.

Lycke (t.v.) og Olivia kjøper bok, og Ormstad signerer. No skal dei lære alt om slangar. Foto: Silje Talgø Klakegg