Finnøybu speler i Nordisk Råds filmprisnominert film

Finnøybuen Madelaine Graadahl spelte i 2019 i ein grønlandsk spelefilm som no er nominert til Nordisk Råds Filmpris.

Madelaine Graadahl (t.h.) har ei rolle i filmen Allangut Killingani. Den er nominert som det grønlandske bidraget til Nordisk Råds filmpris. Her er ho avbilda saman med ektemannen Alexander Montgomery-Andersen.
Publisert: Publisert:

Den grønlandske horrorfilmen Allangut Killingani er en av de nominerte filmene til Nordisk Råds Filmpris 2023. Finnøybuen Madelaine Graadahl speler ei sentral rolle i denne filmen.

– Filmen blei spelt inn då eg budde på Grønland i 2019, fortel ho til Øyposten.

– Eg speler rolla som turist. Eit kjærestepar reiser til Nuuk for å oppleve noko nytt og piffe opp forholdet, og der overbeviser me turistguiden til å ta oss med ut på ei øy der det tidlegare har hendt mystiske ting. Det er ein klassisk skrekkfilm.

Prisutdelinga vil finne stad i Oslo i oktober.

– Dette er stort, seier Graadahl om at filmen er nominert til prisen.

– Det er første gang eg har hatt ein større rolle i ein spelefilm. Tidlegare har eg hatt roller i TV-seriar, kortfilmar og reklamar. Filmdebuten min kom i 1999 då eg hadde ein rolle i dokumentaren om Alexander Kielland-ulukka på NRK.

Filmen er regissert av den grønlandske filmskaparen Malik Kleist og produsert av Nina Paninnguaq Skydsbjerg for PaniNoir / Imalik Film.

Publisert: