Åpnar samtidsutstilling i Abbedens hus
Søndag 3. juli åpnar fungerande Stavanger-ordførar Dagny Sunnanå Hausken ei ny kunstutstilling Abbedens hus i Utstein Kloster.
UTRSTEIN KLOSTER: Det er Margrethe Annestad som har utstilling både der og i foajeen på Utstein Kloster Hotel. Utstillinga åpnar klokka 13. Utstillinga er tilrettagd av Arnhild Sunnanå, og vil vera åpen for publikum i heile juli månad.
-Eg er utroleg glad for å få lov til å vise samtidskunst i dette rommet, og det hadde ikkje blitt realisert utan støtte frå Stavanger kommune i tillegg til bidrag fra lokale krefter som Mosterøy sanitetsforening, Utstein Pilegrimsgard og Rennesøy Historielag, skrivr Sunnanå i ein epost til Øyposten.
Tittelen på utstillinga er «Stille forvandling», og er henta frå tittelen til ein serie monumentale teikningar som Aanestad utvikla i 2020. Ein av desse er plassert på fondveggen i Abbedens hus samanstilt med eit maleri frå i år.
«Kunsten resonnerer med arkitekturen i Abbedens hus og klosterets middelalderhistorie. Augustinerkannikerne som levde på Utstein kloster var underlagt Benediktiner-ordenen som oppfordret munkene til å slå seg ned på et sted, og heller gjøre sine pilgrimsreiser i sitt indre.
Det var rundt år 520 at Benedikt av Nursia nedla leveregelen “stabilitas loci” - “forbli på ett sted” som en av munkebevegelsens grunnpillarer.
Uten å forlate klosteret kunne de oppleve hvordan deres indre reise førte til en stille forvandling. I møte med Aanestads kunst på fondveggen omgitt av ellers hvitkalkede steinvegger, legges det tilrette for at både samtidskunsten og «middelalder-rommet» fremheves og kan gi oss noe helt nytt», heiter det i pressemeldinga i forbindelse med utstillinga.
To Aanestad-utstillingar denne sommaren ligg i gåavstand frå kvarandre. «Stille
forvandling» i Abbedens hus og «Blå toner, stedlig ro» i Utstein Kloster Hotell sin foaje, står både i kontrast til kvarandre, samstundes som dei to utstillingane kompletterer kvarandre.