BYRE: På bakgrunn av suksessen frå i fjor, blir det ny friluftsgudsteneste på Byre på sundag.

I år som i fjor, er det Kari og Gudmund som husar gudstenesta, som skal arrangerast ved den store oppsamlingsdammen for frukthagen.

Rundt 160 med stort og smått var med på den historiske gudstenesta i fjor. Det er ingen grunn til å tru det blir færre i år.

Ligg godt an

– Me håpar sjølvsagt det er like mange i år som har lyst å vera med. Det er diverre litt vêravhengig, me må minst ha opphoaldsvêr for å klara matche eller eventuelt samla fleire enn i fjor. Uansett vêr, det er lagt opp til eit kjekt program som er både oppbyggeleg og sosialt, og som omfattar kyrkjekaffi etter sjølve gudstenesta. På like linje med Kari og Gudmun ønskjer me i kyrkjeadministrasjonen og at friluftsgudstenesta på Byre kan bli ein årleg tradisjon. Så sant me har tilgjengelege resurrsar er det ingenting i vegen for at det kan bli, seier leiar i Kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

– Det er svært kjekt at kyrkja i Finnøy ønskjer å arrangera ny gudsteneste i år. Det er jo «gjenkjøpet» som er det avgjerande for om dei vil fortsetta tradisjonen. Eg trur me ligg godt an, smiler Kari.

Tidlegare sokneprest i Finnøy Tor Egil Eriksen skal forretta, medan det musikalske innslaget står familen Mossige for. Arne Mossige jobbar i Stavanger kyrkjeleg fellesråd, og har hytte på Byre.

For dei som har anledning kan det vera lurt å ta med eigen stol.

Gudstenesten er lagt opp i forhold til ferje/båtruter.