Kommunen startar utleige av dekketøy

Skal du arrangera skuleavslutning, piknik i det fri, eller planlegg du privat selskap? No kan du enkelt og billeg leiga moderne og haldbare servise som kan brukast om og om igjen.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Desse damene har går gått i bresjen for å kommunal utleige av fleirgongsservise. F.V: Kristin Kverneland, Rita Lindås og Gabriele Brennhaugen. Foto: Innbyggartorget.

FINNØY:

Det er betre for miljøet enn eingongsservise, og måltidet kan kanskje bli litt stiligare.,

Stavanger kommune har sett i gang eit prøveprosjekt som skal redusera bruken av eingongsprodukt. Prosjektet skal testast ut i Finnøy, og er eit samarbeid mellom Klima- og miljøavdelinga, Smartby og innbyggartorget.

Du kan leiga alt du treng for å gjera måltidet komplett; koppar, tallerkenar og bestikk. Det er av kraftig plastmateriale og kan brukast både inne og ute.

Bra for miljøet

Opplegget er eitt av fleire tiltak som er vedteke i Klima- og miljøplan 2018-2030. Også kommunedelen Hillevåg skal vera med i prøverunden.

Men korleis gjer ein det?

Enkelt: Bestill og hent på innbyggartorget.

Kommunen har nok dekketøy til 100 personar på Innbyggartorget, og med litt planleggingstid kan det skaffast nok til heile 500 personar. Parallelt med denne satsinga jobbar kommunen med å få på plass eit utleigesystem til store festivalar og liknande.

– Me jobbar også med å kutta eingongsemballasje og -servise i kommunen si eiga drift, slik som i kantina på rådhuset, og med skule- og barnehagemat, seier rådgjevar Gabriele Brennhaugen.

Leigeprisen er fredelege to kroner per servisedel, og 1 krone per bestikkdel. Skulle du vera uheldig å øydelegga noko må du dekka kostnadane for å kjøpa nytt. Du betalar etter arrangementet.

Det einaste du treng å gjera før du leverer det tilbake er å skyla av matrestane. Innbyggartorget tek oppvasken.

Du kan lesa meir om ordninga i avisa neste veke.