Jubileum for Tomatfestivalen – slik starta det
For 20 år sidan blei Finnøydagane gjort om til Tomatfestivalen. Slik sette det spor i Øypostens spalter.
Det starta med eit lesarinnlegg i mars. Det heldt fram med suksesserklært festival i august, før det heile blei avrunda med beste tomatvits og beste tomatsuppeoppskrift.
Me har gått gjennom 2003-årgangen til Øyposten, året då Tomatfestivalen kom til verda.
Eit namnebyte
Første gong ordet «Tomatfestivalen» blei nemnt i Øyposten, var den 20. mars 2003. Då skreiv komiteen for Finnøydagane eit lesarbrev som starta slik:
«Eller er det kanskje på tide å finna på eit nytt namn? Og eit nytt konsept og nye lokalitetar?»
Komiteen hadde samrådd seg med idrettslaget og bygdeungdomslaget, og dei hadde allereie bestemt seg. Finnøydagane skulle døypast om til Tomatfestivalen, og arrangementet flyttast frå skulen ned til sentrum og inn i den nye fleirbrukshallen. Brevet signert Endre Vastveit, Nils Petter Sand, Grethe Lunden, Hallvard Lauvsnes og Svanhild Risanger, avslutta slik:
«Så sett av denne helga i august, ta med familie og vener og hjarteleg velkomne skal de alle vera til året si storhending i Finnøy kommune: Tomatfestivalen 2003!»
Mareritt til skamme
Den 14. august, i siste avis før festivalen braka laus, kunne festivalkoordinator Tor Øyvind Skeiseid fortelje: «Me ligg utruleg bra an». Den siste månaden hadde han jobba heiltid med festivalen, går det fram, og han har hatt sine traumatiske draumar:
– Eg drøymer at folk berre går heim, at dei synast eg gjer ein dårleg jobb, eller at dei heller skulle ønska at dei var ein annan stad. Det største marerittet er at heile kommunen blir imot «han som nettopp har flytta heim til Finnøy og berre lagar styr», seier Skeiseid.
Slik gjekk det ikkje. Veka etter var festivalen over, og Øyposten skreiv på framsida:
«Nesten 2000 var innom Judaberg sentrum. Folkemengdene koste seg med tomatunderhaldning og tomataktivitetar på Noregs fyrste festival for tomaten.»
Tomatfestivalen blei ein suksess.
To tomatar på ein veg
Øyposten kåra beste tomatvits. Vinnar blei Erlend Vastveit, som skåra høgt på at han leverte vitsen på eit ark kløpt til som ein tomat. Her er vitsen:
Det var ein gong to forelska tomatar som gjekk langs ein veg. Så blei den eine påkøyrd.
– Agh! I’m hit! sa han.
Då sa ho:
– That don’t impress me much!
Variantar av urtomatvitsen gjekk igjen i konkurransen, men her er ei av gåtene som kom inn:
– Kva kallast ein halv tomat som får vondt?
– Halvautomat.
Supergod suppe
Siste gong Tomatfestivalen blei nemnt i avisa i debutåret, var den 13. november. Etter påtrykk frå lesarane kom då Øyposten med vinnaroppskrifta frå tomatsuppekonkurransen tidlegare på hausten. Her er den:
Tomatsuppe frå Nordre Vignes
1,5 kilo godt modne tomatar kokast på svak varme til dei er sundkokte. Etterpå pressast massen gjennom ei sil. Mål opp tomatjuicen (skal bli om lag 9 desiliter).
50 gram margarin
50 gram kveitemjøl
cirka 3 desiliter vatn
2 desiliter mjølk
2 desiliter fløyte
3 stykk Maggi klar kjøtsuppe
4 spiseskeier eplemost eller eplejuice
1 teskei sukker
Smelt margarin og tilsett kveitemjøl. Spe med væska, og start då med tomatjuicen. Det skal vere 1,5 liter væske til saman. Tilsett resten av ingrediensane og la det trekkja på svak varme i cirka 5 minuttar. Ha i fløyten til slutt.