«Svanå» begynner å ta form i Ryfylke Trebåtbyggeri

Fiskeskøyta «Svanå» begynner å likna på ei skøyte, etter å ha blitt plukka fullstendig frå kvarandre. Det er stort sett bare kjølen som er igjen av det opphavlege skroget.

«Svanå» slik ho framstår akkurat nå.
Publisert: Publisert:

FINNØY: «Svanå» kom inn på verftet i mai 2020, og nå begynner skøyta frå 1918 å finna tilbake til si gamle form.

Før helga var Svein Myklebust innom trebåtbyggeriet til Jørn Flesjå med eit lass med stokkar av brakje. Dei skulle brukast til trenaglar i skroget.

Kun i skjøytane i bordgangen skal det brukast skipsspiker, mens resten skal haldast saman av 1500–2000 trenaglar, og dei skal vera av brakje.

«Svanå» er så og seia plukka heilt frå kvarandre, etter beskjed frå Riksantikvaren. Bare kjølen er igjen.

-Det er veldig god kvalitet på arbeidet som er gjort her, seier Svein Myklebust om jobben som er gjort på trebåtbyggeriet.

Svein Myklebust var på Finnøy med eit heilt lass med brakjestokkar som skal brukast til trenaglar i skroget på «Svanå»

Kostar tre millionar

Myklebust tippar at kostnadane med å restaurera skøyta vil vippa tre millionar kroner, og håpar at ho kan koma på sjøen igjen ein gong etter neste sommar. Rogaland fylkeskommune pluss Riksantikvaren og Rødne finansierer arbeidet.

Det er ivrige sjeler bak foreninga «Frender av Svanå», som står bak restaureringa. Det er 55 medlemmer med i vennelaget, og skøyta skal liggja på Nedstrand. Planen er å bruka henne på turar til glede for små og store.

Den gamle innreiinga skal etter kvart på plass, pluss motoren, trappa ned til lugaren, lastelukene, det gamle linespelet og mesanmasta. Styrehuset skal også få ny kledning.

-Framiftå arbeid som er gjort her, seier Svein Myklebust.

Hjørdis kasta etter makrell som 18-åring

Det var onkelen og tanta han, Knut og Hjørdis Skår i Helgøysund som i mange år brukte skøyta til å fiska rundt øyane. Dei flytta seinare til Liarvåg på Nedstrand.

-Dei var nok eit godt team. Rykta seier at Hjørdis alt som 18-åring kasta etter makrell åleine, fortel Myklebust.

Båten blei dessutan brukt til mange av livets gjeremål, som til dømes gravferder.

Som Øyposten har omtalt tidlegare, er det mulig at skøyta også deltok i smuglartrafikken i Hvaler i forbudstida, lenge før Knut og Hjørdis Skår overtok henne.

Då ho skulle overhalast, blei det nemleg oppdaga ein skjult tank inne i vanntanken. Forbudstida i Norge var frå 1916 til 1927, og omfatta forbud mot omsetning av brennevin, og seinare også øl og hetvin. Forbudet førte til oppblomstring av ein omfattande smuglartrafikk.

Publisert: