– Det blir ein variert konsert. Me har plukka frå repertoaret til korpset sidan starten i 1954 og fram til i dag, seier nestleiar Grete Bjerga i Rennesøy musikkorps.

Søndag 17. mars byr korpset inn til ein heilaften jubileumskonsert i kulturhuset Meieriet i Vikevåg.

– I tillegg til korpsmusikk blir det festtalar og varaordførar Henrik Halleland kjem, seier Bjerga.

Det blir òg pause med kake og kaffi.

Korpset på Rennesøy har 14 aktive medlemer, og dei vil gjerne bli fleire.

– Me øver på Rennesøy skule kvar torsdag frå klokka 19.00 til 21.30. Viss nokon har erfaring med å spele i korps og saknar eit fellesskap, er det bare å møte opp, seier Bjerga.

Medlemene i korpset er både yngre og eldre, og dei spelar masse konsertar.

– Me spelar på oktoberfesten, me har julekonsert, me spelar 17. mai og me har diverse popup-konsertar, seier Bjerga.

Søndag slår dei på stortromma og gjer litt ekstra ut av det for å feire at Rennesøy musikkorps er 70 år.