Arvid Mæland under bokbad på Fjordbris Hotell. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Me ønskja å prøve om me kunne nå nye grupper viss me la bokpraten til ein annan stad enn på biblioteket, seier Merethe Meling Kindingstad frå Finnøy bibliotek:

– Dette konseptet passa godt inn på Dickins, så då valde me å spørje om me kunne ha bokprat der. Så kan folk ete og drikke godt medan dei høyrer på bokbadet.

Det er Simen Ingemundsen som skal spørje Mæland ut om boka «Mitt liv som cowboy», som er skriven av Håvard Ovesen. Ovesen har skrevet ganske personlig om cowboyen, bonden og jærbuen som er kjent for å by på seg selv.

Mæland er aktuell med sesong to av serien Cowboyen og kongen, som kan sjåast på NRK. Dato for lansering er ikkje klar, men det er planlagt i 2024. Første sesong av serien kom i 2022.

I november i fjor var dei på Fjordbris Hotell i Østhusvik, og den gongen køyrde Mæland av vegen på vei til Rennesøy. Øyposten vonar at føret er betre denne gongen, og at han kjem seg trygt fram.