Advent bankar på døra og julekransen må på plass

Det er snart advent, og då må julekransen vera klar til å hengjast på døra. Torsdag kveld var det kransbinding for harde livet i Finnøy hagelag.

Marit Ekelund er i god gang med kransen som skal hengja på døra i advent.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Bordet er overstrødd med granbar og vintergrønt i mange fargenyansar, eukalyptus, vrihassel, greiner av lerketre og mykje anna.

Det er etter kvart blitt ein fin tradisjon i Finnøy hagelag å samlast til kransbinding, og eit 10-tals kvinner er denne torsdag kvelden samla i den gamle kommunestyresalen i biblioteket til innsats for å pynta til advent.

Etter at kransane er ferdig bundne, noko som tek rundt ein time, er det tid for risgrøt og drøs.

-Det er ein veldig kjekk tradisjon, er dei enige om rundt bordet.

Linda Tednes Larsen og Hilde Turid Hebnes (t.v.) har taket på kransbindinga.
Desse to jentene ville også prøva seg på kransbinding.

Kransen må vera naturtru

Marit Ekelund og Merete Oftedahl Cox gir seg i kast med kransbindinga med stor iver.

Begge likar kransar bunde av det som finst i naturen.

-Nokre likar å pynta med kuler eller fuglar. Det er smak og behag, men sjølv held eg ein knapp på å bruka bare materialer frå naturen, seier Marit Ekelund.

Ho synes også det blir finast når kransen er dekka tett i tett av små greiner.

-Det er også fint å variera litt, slik at dei ulike sortane kjem igjen i eit mønster, meiner ho.

Til slutt vil Marit pynta kransen med små ledlys.

-Brukar de raud sløyfe til å pynta kransen med?

Vrihassel er og fint til å bruka i kransar.
Beinved, eller kristorn høyrer med.

Er sløyfe ut, mon tru?

Marit Ekelund gir ei hjelpande hand til Merete Oftedahl Cox.

-Er ikkje sløyfer litt ut, eller er det kome tilbake igjen, undrar Marit Ekelund, og får litt ulike svar rundt bordet.

-Eg såg at Finnøy Blomster hadde brukt ei nydeleg sløyfe på ein krans, så det kan absolutt vera fint. Men sjølv brukar eg ikkje det, seier ho.

-Kva med krok i døra til å hengja kransen i, mange er redd for at det kan skjemma ei flott dør?

Her har Merete Oftedahl Cox eit lurt triks. Ho set ein spiker oppe i dørkarmen inne, og brukar sen til å hengja kransen i. Då blir det ikkje skjemmande merke i døra. Men viss du har ei dør som du ikkje er veldig redd for, går det fint med ein krok på utsida, er det enighet om.

Uansett er alle enige om at kransen må vera på plass til første søndag i advent, og det er like rundt hjørnet.

Mykje av granbaret kjem frå juletregarden til Karin Hesby, men elles tek folk med seg det dei treng til å pynta med og deler «systerleg».

Sonja Nordbø rører i risgrøten, som snart skal på bordet etter at kransane er bundne.