Første juleutstilling på tre år i Otto-huset

Søndag åpnar det kunstutstilling i Otto-huset på Finnøy, med fleire lokale kunstnarar. Det blir også servert julegløgg.

Styreleiar i Otto-huset, Thorstein Pedersen inviterer til juleutstilling på søndag.
Publisert:

FINNØY: -Det er nokre år sidan sist me hadde juleutstilling, men nå prøver me oss igjen, seier Thorstein Pedersen, styreleiar i Otto-huset til Øyposten.

Blant dei lokale kunstnarane som stiller ut er Ivar Haugen frå Finnøy, Bjørn Eriksen frå Fogn, Irene Tveitane frå Finnøy, Roald Sivertsen frå Finnøy, nå busett i Oslo og Bodil Drange Pedersen, som også er frå Finnøy men har busett seg i Oslo.

-I tillegg har me bilete av Erling Hodne og Kjell Pahr-Iversen, opplyser Pedersen.

-Blir det vernissage?

-Me kjem nok til å servera litt julegløgg, seier Torstein Pedersen med eit smil.

Utstillinga åpnar søndag klokka 16.30, og blir ståande kvar laurdag og søndag fram til jul. Viss det er nokon som ikkje har anledning til å koma på søndag eller i helgene for å sjå utstillinga, kan dei ta direkte kontakt med Thorstein Pedersen.