Første dag etter skotårsdagen, første dagen i mars eller siste dag i vinterferien, når me ser vekk frå helga: Kjært barn har mange namn. Her er eit par tips til kva du kan gjera:

Kafe Banken i Meieriet har ope frå klokka 11 til 13 i dag og serverer grønsaksuppe, små bollar med kvitlauk og nysteikte vaflar, melder Rennesøy innbyggartorg.

Same stad er det datahjelp fram til klokka 14, for alle som treng hjelp til å meistra PC, mobiltelefon eller nettbrett.

På Judaberg kan du få med deg ikkje mindre enn to kinoframsyningar. Finnøy bibliotek viser dess filmane:

Klokka 10.00: Mummipappas eventyr (2021)

Klokka 12.00: Familien Bigfoot (2020)

Elles har Judaberg fått pizzarestauranten Dickins som opnar dørene klokka 13, og der det er mulig både å avslutte vinterferien og å innleie helga, alt etter som.