Bygdeungdomslaget gjenoppstår på Finnøy

Ivrige ungdommar har danna Finnøy Bygdeungdomslag, og vil satsa på tevlingar og bygdefestar.

Styret i det nystarta Finnøy bygdeungdomslag: Framme frå venstre Halvard Bøe, Magnus Hebnes og Atle Christensen. Bak f.v. står Johan og Lea Bø og Solvår Larsen.
Publisert:

FINNØY: Initiativtakar er Halvard Bøe frå Fogn. Han er nestleiar i styret i Rogaland Bygdeungdomslag, og har fått med seg ein gjeng finnøyungdommar i styret.

– Hensikten er å gi ungdom på Finnøy eit nytt tilbud på fritida, seier Hallvard Bøe til Øyposten.

Med seg i styret har han fått Johan og Lea Bø, Solvår Larsen, Atle Christensen og Magnus Hebnes.

Halvard Bøe er styreleiar, mens Lea Bøe er nestleiar. Johan Bø skal ta seg av økonomien i laget, mens Magnus Hebnes skal vera aktivitetsleiar. Solvår Larsen skal ha ansvar for info og Atle Christensen tevlingar.

Finnøys beste traktorkjørar

Planen er å begynna med ei tevlings-helg, med påfylgjande fest om kvelden. Den er planlagt i løa på garden til Johan og Lea Bø på Flesjå. Løa er ominnreidd til festlokale, og bør difor vera midt i blinken for formålet, meiner bygdeungdommane.

Tevlingane dei har på tapetet foreløpig er mellom anna traktorkjøring. Det blir laurdag 29. oktober.

-Det er mange ungdommar som er flinke til å kjøra traktor på Finnøy. Kanskje kan me kåra øyas beste bak traktorrattet, seier Halvard Bøe.

Då planlegg dei også «Farmen-aktivitetar» som øksekast, spikring og styrkeprøven: kven kan halda to melkespann på strak arm lengst.

12. november kjem «Vassendgutane» til Finnøy, og då planlegg Finnøy BU vorspiel med transport til konserten etterpå. Og i desember står julegrøt på programmet. Finnøy BU har også laga si eiga Facebook-side.

20 år sidan BU på øya

Det er 20 år sidan det sist var bygdeungdomslag på Finnøy, men nå håpar ungdommane bak det nystarta laget på ny aktivitet.

Næraste bygdeungdomslaget er Strand BU, og dei største laga i Rogaland er Time og Bjerkreim Bygdeungdomslag. Totalt er det 700 medlemmer i Rogaland Bygdeungdomslag, og kring 5000 på landsplan.