Slo på stortromma då Kåre Palmer Holm stod på tapetet i Fogn-kyrkja

Sjarmøren og meistertjuven Kåre Palmer Holm stod på programmet då Svein Østhus inviterte til stort kalas med to fulle busslaster i kyrkja på Fogn fredag.

Jone Laugaland kåserer om «gentlemanforbrytaren» Kåre Palmer Holm i Fogn-kyrkja.
Publisert:

FOGN: Bare gravferder samlar fleire, seier Svein Østhus stolt til Øyposten. Til dømes var det 300 gjester i gravferda til Johannes Hovda, men 130 gjester i kyrkja denne fredagen var heller ikkje så verst.

Alt overskotet, mellom 25.000–30.000 gjekk til hjelpearbeid i Ukraina. Førbuinga begynte alt kvelden før med å skrella poteter og grønnsaker til det som blei døypt ei «fognatisk gryte».

I tillegg var det kjøpt inn 20 liter fløyte til riskrem og heimelaga eplekake av bramley-epler, som Østhus’en sjølv eigenhendig hadde laga. Riskremen var det han og kona Sølvi som stod for.

Svein Østhus, som arrangerte kvelden, var i storform og underheldt forsamlinga etter beste evne.

Palmer Holm var på Finnøy

Ingvars Reiser stilte med to svære bussar med folk, og det var også ein heil delegasjon frå Finnøy til stades. Mellom dei var Ole Jan og June Naaden.

-Det er alltid løye det som Svein Østhus steller i stand, meiner dei.

-Eg veit at Kåre Palmer Holm prøvde å rana banken på Finnøy. Men særleg meir kjenner eg ikkje til han, seier Ole Jan Naaden.

Men livsløpet til meistertjuven og sjarmøren, blei grundig gjennomgått då den tidlegare Aftenbladet-journalisten Jone Laugaland fekk ordet i Fogn kyrkja.

Og det var rett som Ole Jan Naaden antok: Kåre Palmer Holm hadde prøvd seg på pengeskapet i banken på Finnøy. Det blei funne diverse utstyr og til og med sprengstoff, men safen klarte ikkje Palmer Holm å åpna. Og i forsøket hadde safen slått seg så vrang at det skulle gå mange år før døra i pengeskåpet omsider kom opp.

Nærare 100 liter lapskaus, eller «fognatisk gryte» gjekk med under middagen. Bodil Nordbø og Geir Gustavsson held orden på grytene.

Sju søsken

Jone Laugaland har grave fram mykje artig om Kåre Palmer Holm, som fekk ei trist endelykt då han omkom i ein brann i Stavanger i 2004, 81 år gammal.

Laugaland har ei sjeldan formidlargåve, som gjorde kvelden både interessant og underhaldande.

Palmer Holm voks opp som ein av sju søsken, og Laugaland omtalte han som ein sjarmør, ein gilde mann og langt på veg ein heltefigur på slutten av 50-talet.

Første gang han hadde funne Palmer Holm omtalt i avisene var i 1945, då han stakk av frå ein transport frå Kopervik. Det var elles ikkje bare her i området Palmer Holm var på mange sine lepper.

På biletet blir Kåre Palmer Holm ført om bord i rutebåten på Tau etter å ha blitt arrestert av lensmann Haugen og lensmannsbetjent Skjørvestad.
Jostein Østhus hadde hendene fulle med å servera svoltne gjester.

Fekk jobb på falske papirer

Før det skaffa han seg eit «navn» i Trondheim med forfalska papirer på at han hadde utdanna seg til ingeniør i Sverige under krigen. Det var bare oppspinn, men mannen fekk seg jobb på eit av Trondheims finaste hotell og seinare jobb som ingeniør i sjølvaste Forsvarsdepartementet.

Men det gjekk som det måtte gå, han blei avslørt. Han prøvde å flykta, sminka og utspjåka i fine dameklær. Men konduktøren la merke til dei hårete leggene hans, og dermed blei han avslørt igjen.

Før han kom til Stavanger hadde han eit opphald i Ålesund, der han fekk jobb med å reparera pengeskap. Kunnskapar som han nok hadde god nytte av seinare.

Men først prøvde han saman med to av brødrene seg som entreprenør med bulldosar påmontert ein steinkam. Det var ein oppfinnelse dei hadde gjort, som skulle sørga for at stein gøymt godt nedi jorda kom opp. Men virksomheten gjekk ikkje særleg godt, og enda med at Kåre Palmer Holm gjekk konkurs.

Av Palmer Holms viderverdigheter var mellom anna brevet han skreiv til redaktør Per Thomsen i Aftenbladet, lagt på eit mjølkespann på Hundvåg.

Heile brevet brevet blei trykt i avisa, kor han mellom anna takka for all støtte og all den gode maten han hadde fått. Som ein fylgje av det hadde han lagt på seg fleire kilo. For mannen fekk etter kvart ein heltestatus, det var det ingen tvil om, meinte Jone Laugaland.

Blant dei største varpa han gjorde var innbrotet i Sola underpostkontor på slutten av 50-talet, kor han kom seg unna med 67.000 kroner - nærare ein million i dagens pengeverdi.

Kåre Palmer Holm klarte kunsten å ryma frå det gamle fengselet på Lagårdsveien, og forsvann ofte som ånd i ein fillehaug til politiets store fortviling: For dette var svært pinleg for lovens lange arm.

Åpna pengeskapet

Store mengder riskrem gjekk med under gildet, som Svein og kona Sølvi hadde laga.

Etter at forbrytarkarrienen var over, fekk hadde han diverse strøjobbar. Han prøvde seg som skomakar, laga koparstikk, jobba som ungdomsarbeidar i Grevlingen fritidsklubb og var til og med på fredsmarsj til Paris.

Blant jobbane han hadde var som vaktmann i NSBs bilruter i Stavanger. Ein dag fekk dei ikkje opp pengeskapet der, og då blei Palmer Holm tilkalla. Han ga beskjed om at alle måtte ut av rommet, og ikkje lenge etterpå var pengeskapsdøra åpna til alle sin store tilfredshet.

Dessverre enda det ikkje så godt for Kåre Palmer Holm. i 2004 brant han inne i barndomsheimen i Skreddersmauet i Stavanger, noko kommunen fekk kritikk for i ettertid. For hadde han fått plass på sjukeheim hadde ikkje dette skjedd.