Bekymring i mållaget over nynorsken si stilling i øyane

Årsmøtet i Stavanger mållag er bekymra for nynorsken si stilling i randsona for bokmålet, Rennesøy og Finnøy.

Det nye styret i Stavanger Mållag. Frå venstre Ottar Sandanger, Karl Marius Lillevik, Bjarne Kvadsheim, Gunvor Helle Eiane, og første vara til styret Reidun Sandvik.
Publisert:

STAVANGER: Spesielt er mållaget bekymra for at mykje av informasjonen som går ut til innbyggjarane frå Innbyggartorga i Finnøy og Rennesøy er på bokmål.

-Dette har eg teke opp med kommuynikasjonsavdelinga og direktøren fleire gonger, men me må masa meir, sa leiar i Stavanger Mållag, Bjarne Kvadsheim under årsmøtet.

Stavanger Mållag og mållaga i Rennesøy, Finnøy og Sjernarøy er nå blitt samla under same hatt; Stavanger mållag.

Pur bokmål

Ottar Sandanger, som blei innvald i styret, håpa at dette kunne styrka nynorsken i øyane.

-Eg opplever like vel at folk ikkje bryr seg så mykje om nynorsken, og nynorsken si stilling er ikkje så sterk som me skulle tru i i Finnøy, sa han. Han viste mellom anna til at all informasjon på hurtigbåtar og ferjer er på bokmål, det same gjeld på Innbyggartorget, og viste også fram ein plakat om «Vandremiddag» på Fogn, skriven på pur bokmål.

-Det er skuffande, meinte han.

Også Gunvor Helle Eiane frå Rennesøy mållag drog fram eit eksempel frå Innbyggartorget på Rennesøy.

Orkar snart ikkje Innbyggartorget

-Vi sees på torget, står det der. Eg orkar snart ikkje å gå dit viss det skal vera på den måten, sa Gunvor Helle Eiane, og lurte på om det kunne styrka nynorsken viss folk klaga meir på målføret som blei nytta på Innbyggartorga i øyane.

Bjarne Kvadsheim konkluderte med at mållaget burde ta opp saka på nytt med administrasjonen i Stavanger, og også skriva brev til ulike lag og organisasjonar i Finnøy og Rennesøy og oppfordra dei til å bruka meir nynorsk.

Også Stavanger-jubileet i 2025 var på tapetet under møtet, og det blei understreka at det var viktig å vera i forkant slik at nynorsken ikkje druknar heilt i i byjubileet. Både Finnøy og Rennesøy kommunedeler, som har mange nynorskbrukarar, er inviterte til å vera med i jubileet.

Det blei også etterlyst ein språkbrukplan for kommunen, som var lova før jul.

I det nye styret for Stavanger mållag sit Bjarne Kvadsheim, leiar, Karl Marius Lillevik, Gunvor Helle Eiane, Wenche Skorge og Ottar Sandanger. Ellen Marie Nortveit blei ny i valnemnda, mens Reidun Sandvik blei ny første vara til styret.