God musikk og god stemning på Innbyggartorget
Det var nok mange som kjente det rykka i dansefoten då «Di du vett» spelte gamle, gode slagarar, og nokre nye, på Innbyggartorget måndag.
FINNØY: Rundt 40 godt vaksne finnøybuar tok seg ein pause i kvardagen og fekk både middag og fin musikk servert under den to timars lange konserten.
Duoen Sveinung Tou og Gunnar Helgesen spelte for andre gong på Innbyggartorget.
– I år er det 50 år sidan me spelte på Finnøy for aller fyrste gong på ungdomshuset Tippen. Det var andre tider den gong. Eg hugsar me overnatta på scenen, det gjekk ikkje ferje tilbake til byen så seint. Det hendte mest aldri at det ikkje var minst èin slosskamp per kveld, ler Helgesen og held fram: Det ser tryggare ut her i dag.
– Dette er jo eit kjekt pusterom i kvardagen. Det skjer ikkje alle verda på Finnøy ein måndag ettermiddag, så dette ville me sjølvsagt ha med oss. Dessuten slepp me å laga middag, og me får me lufta mennene samtidig, smiler dei to veninnene Lourdes Vestbø og Lorina Birkeland.
Både Ragnhild Valand og Oddrun Handeland prøver å få folk ut på dansegolvet, men det sat for langt inne. Rett nok ser det ut til at enkelte kunne vera på glid, men det er skummelt å vera fyrst utpå.
– Me har dansa ifrå oss i Spania, seier Inge Rørheim.
Ragnhild Valand i Frivilligsentralen er imponert over oppmøte.
– Det er kjempebra og akkurat passe stor gruppe å her. Slik det ser ut for meg kosar folk seg rundt bordene, seier ho, og lovar at det blir fleire tilstelningar av same sort på innbyggartorger.