Plan for å styrka nynorsken i Stavanger lova til jul

Trass i tre vedtak i kommunestyret om å jobba for å styrka nynorsken i Stavanger, har planen for dette glimra med sitt fråver. Først nå til jul er det lova ein språkpolitisk plan.

Publisert: Publisert:
-Det har gått utruleg treigt, seier leiaren i Stavanger Mållag, Bjarne Kvadsheim, om arbeidet for å styrka nynorsken.

Av Vemund Norekvål Knudsen

STAVANGER: Ifølgje vedtaket gjort i Stavanger kommunestyre 25. november 2019, skulle Nye Stavanger «jobbe for å styrke nynorsken både i kommuneadministrasjonen, i skolen og i Stavanger-samfunnet som helhet.

De to siste punktene [...] skal følges opp politisk med en egen sak i løpet av 2020.»

Flinkare i Bergen

Dette er vedtatt igjen i 2020 og 2021. Likevel har ein eigen språkpolitisk plan for nynorsk i skulen og Stavanger-samfunnet latt venta på seg. I Bergen er det til samanlikning sett av 1,7 millionar kroner til målretta tiltak for nynorsken, som tidlegare rapportert av Norsk Tidend.

Dette var tiltak som var inne i språkbruksplanen til Bergen kommune.

Norsk Tidend har etterspurt status på ein språkpolitisk plan i Stavanger

-Sak om det vidare språkarbeidet er under arbeid og vil vera klar rundt juletider i år. Me vil då koma med forslag til ein heilskapleg plan der nynorsk vil vera eitt av fleire satsingsområde for språk i kommunen. Planen vil vera ferdig behandla og vedtatt politisk tidlegast våren 2023, opplyser Marianne Jørgensen, kommunikasjonssjef i Stavanger kommune.

-Går alt for treigt

I januar 2020 melde lokalavisa Øyposten at nynorsken var nærast utradert hos innbyggjartorget på Finnøy. På fjerde trinn på ein skule på Finnøy, er det ein rein
bokmålsklasse for første gong. Dei påfølgjande åra har det derimot ikkje vore bokmålselevar i Finnøy kommunedel. Den siste nynorskklassen i gamle Stavanger kommune vert lagt ned i 2014.

Bjarne Kvadsheim er leiar i Stavanger Mållag og gruppeleiar for Stavanger Senterparti. Han synest arbeidet med språk og tiltak for nynorsken har gått alt for seint:

– Det har diverre gått alt for treigt. Språkplanen er vedtatt fleire gonger. Når planen kjem så seint, betyr det potensielt at me går ein heil bystyreperiode utan målretta politiske tiltak for å hindra den utviklinga som har vore ute i kommunen og i skulen dei siste åra. Her har ikkje politikarane levd opp til det me har vedteke, seier Kvadsheim.

Norsk Tidend har sett på partiprogramma til dei partia som sit i kommunestyret i Stavanger i inneverande periode. SV er det einaste partiet som har valprogram på både bokmål og nynorsk, men nynorsk er likevel ikkje nemnt ein einaste gong i programmet. Det er det heller ikkje hos nokon av partia frå Raudt til FrP.

-Fientleg til nynorsk

Eirik Faret Sakariassen (SV)

I den politiske plattforma til fleirtalspartia er heller ikkje nynorsk nemnt.

– Det står ingenting om nynorsk i korkje valprogrammet til Senterpartiet eller i samarbeidsplattforma de er ein del av. Finst det eigentleg eit reelt ønske om å
styrkja nynorsken?

– Når det gjeld partiprogramma og samarbeidsplattforma, så har diverre ikkje nynorsk vore eit tema før no etter samanslåinga. Derfor har det vore vanskeleg å få gjennomslag. Haldningane omkring nynorsk i Stavanger har lenge vore fiendtlege. Det er faktisk nynorskbrukarar som vel å ikkje bruka nynorsk i Stavangerpolitikken.

– Som leiar i Stavanger Mållag har eg forsøkt å rekruttera folk frå fleire parti inn i styret, for å betra påverknaden inn i partia. No har me folk frå Ap, Krf, Sp og Høgre
i styret. Dette vonar eg vil hausta resultat når tida kjem, då eg stort sett opplever Raudt og SV som nynorskvenlege, fortel Kvadsheim.

Norsk Tidend spurte også Eirik Faret Sakariassen frå SV same spørsmål.

– Me ønskjer oss ein språkbruksplan, og har venta svært lenge på den. Eg har også forstått at nynorskroboten frå Nynorsk pressekontor har vore ein suksess. Den var eg ein av pådrivarane for, seier Sakariassen.

– Stavanger kommune kommuniserer meir på nynorsk enn nokon gong. Dette synest eg er bra, og det skulle berre mangla når me skal vera ein språknøytral
kommune.

– Kva ambisjonar har SV for nynorsken framover?

– Eg vonar me vil sjå fleire nynorskklasser og nynorskelevar også i gamle Stavanger kommune. Det har det vore før, så det er absolutt potensial. Det burde vere mogleg å finna nokre gulrøter for å få fleire til å velja nynorsk. Kan-
skje haldningskampanjar eller ved å motivera foreldra.

-Stas å bli gifta på nynorsk


Tidlegare nemnde Rune Askeland er leiar for Utval for miljø og utbygging. Han opplever at haldningane til nynorsk har endra seg sakte, men sikkert dei siste åra:

– Me får fleire og fleire sakspapir på nynorsk. Eg opplever også at det blir stadig vanlegare å få svar på nynorsk frå administrasjonen. Det tar sjølvsagt tid å endre kulturen frå rein bokmål, til også å omfatta nynorsk. Men det er gjort framsteg her, fortel Askeland.

– Med det sagt, så er det tydeleg at det må bli gjort meir enn no. Det er svært synd at forslaget mitt ikkje er gått gjennom før no på grunn av ein feil. Eg sat i utvalet
for Oppvekst og utdanning sist periode, då den siste nynorskklassen blei lagt ned. Det var eg i mot.

Særleg fordi eg meiner det ikkje var sviktande elevtal eller interesse som var årsaka, men politisk vilje.

Kvadsheim kan fortelja at han også har positive opplevingar omkring nynorsken:

– Det må bli sagt at ingen har klaga på at eg skriv saksframlegg frå korkje meg sjølv eller på vegner av Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog på nynorsk, som eg leiar. Me er det utvalet med høgast nynorskdel, og det er eg stolt over.

Eg er også vigslar i kommunen, og har berre fått gode tilbakemeldingar på at eg gjer dette på nynorsk.

Folk synest det er veldig kjekt!