Det er duka for stor konsert med Janove Ottesen som har hatt stor suksess som soloartist etter Kaizers Orchestra.|Artisten Isah skal bidra med underhaldning.

STAVANGER:

– Etter fleire runder med byens rikhaldige kulturliv var det eitt ønske som sto klart igjen: «Ikkje konkurrer med oss». Nesten alle dei store kulturaktørene i Stavanger har ting på programmet lørdag 20. november, så da ønsker me heller å støtta desse enn å konkurrera med dei.

Det fortel prosjektleiar Susanne Borg, i ei

Kulturlivet vaknar

– Og når Viking er med i medaljekampen ønsker me sjølvsagt heller ikkje å trekka folk bort frå stadion lørdag kveld, seier ho.

Derfor endrer kommunen no på feiringa. I staden for gjenopningsfest, blir det heller noko dei vil kalle ein «gjenoppdagelsesfest».

– Me inviterer til ein gjenoppdagelsesfest. Ein fest me håper og trur vil vare i mange, mange år framover, seier Borg.

Kulturlivet er i ferd med å vakna til live igjen, noko som ein tydeleg kan sjå i kulturkalendarane i distriktet, står det i pressemeldinga. Den 19.-21. november er lova å bli ei heftig kulturhelg.

Då kan du få med deg kulturopplevelsar som: Janove i DNB Arena, Ingenting på Folken, Oslofilharmonien på konserthuset, Rune Andersen og Espen Beranek Holm i Stavangeren, fleire aktørar på Rogaland Teater og Borderline Case på Checkpoint.

Dersom det ikkje er nok, blir det fleire julekonserter i konserthuset denne helga, IDDIS har opningsfest, og det er også Haugefestival på programmet, og mykje, mykje meir.

Artisten Isah spiller på Domkirkeplassen fredag 19. november. Foto: FOTO: Pressebilde/Isah

Fest for dei unge

Stavanger kommune, Sølvberget og Stavanger sentrum planlegger også fleire arrangement, særleg retta mot barn, ungdom og eldre. Fredag 19. november blir det først ein festdag for barn, deretter festkveld for ungdom.

På dagtid fredag er alle barneskule-elevar i Stavanger invitert til Domkirkeplassen.

– Skuleelevene våre, lærarane og alle andre skuleansatte gjekk glipp av mange viktige og kjekke samlingar i koronapandemien, og nå ønsker me å skape ei skikkeleg storsamling. Dermed blir det musikk, sang og dans for å feire at me er tilbake til normalen. Happeningen avsluttes med fellesdans med årets BlimE-sang, seier Borg.

Det blir også ein allsanghyllest til Svein Tang Wa, leia av Espen Hana og Mari Hauge.

Om kvelden er det opplegg for dei som er litt eldre.

– Då rigger me til festkonsert med Isah, ein av dei heitaste artistane både i regionen og landet for tida, seier prosjektleiaren.

På dagtid lørdag 20. november blir det aktivitetar for heile familien, fram til ettermiddag og kveld.

Fleire artister for ungdomen skal annonseras, og lørdagens program er enno under arbeid.

https://www.oyposten.no/2021/11/02/klar-for-haugefestival-i-stavanger/

Gjenoppdag byen

Mange arrangørar, aktørar, utestader, kafeer, scener, gallerier, museer og kunstnarar har slitt i den tunge tida, påpeiker Borg. Mange av desse kjem kanskje til å føla nedstenginga og restriksjonane på kroppen i lang tid framover.

– Difor er det så inderleg viktig at me alle ikkje berre feirer gjenopninga – men at me også gjenoppdager alt Stavanger har å by på. Målet er å visa fram alt som skjer, alt som er ope, alt som er planlagd og alt som finst. Og så skal me spe på det yrande folkelivet med enno fleire arrangement og opplevelsar som viser bredda i kulturlivet vårt, seier Borg.

Her finn du meir informasjon og program.