Medverkande er Kjellaug og Åge Bognø som les dikt og tekstar medan «8'eren» syng. Det er ei entusiastisk vokalgruppe med medlemmer frå Stavanger, Sandnes og Jæren. Dei er kjent for sitt smittande engasjement og store sangglede. Gruppa vart starta i 1989 og har vore leia av Per Sigmund Rettedal dei 32 siste åra.

Repertoaret er allsidig, med negro-spirituals, folketonar, barneviser, kyrkjeverk og julesanger med meir. Vokalgruppa har gjeve ut fleire cd'ar; mellom anna ein med tekstar av Klepp-diktaren Torvald Tu og musikk av Per Sigmund Rettedal. Gruppa har og ein cd med eldre og nyare julesongar.

I Fogn kyrkje får vi høyra eit utval av desse songane. Etter konserten er alle velkomen til kveldsmat og drøs i kyrkjekjellaren. Konserten startar klokka 19.00.