Den nye idrettsparken på Vestre Åmøy er ein av arenaene under årets Åmøydagene. Foto: Jakob Hegreberg

Laurdag og søndag arrangerer Vestre Åmøy Velforening stor kulturhelg med bruktmarknad, utstillarar, kafé og diverse aktivitetar.

– Me gjer dette for å fremje samhald i grenda og for å styrke eigarskapen til grendahuset vårt, seier styreleiar Jakob Hegreberg i Vestre Åmøy velforening.

Fleire programpostar burda ha appell òg til folk frå andre øyar. Søndag klokka 17.00 er det blant anna ein organisert tur til helleristningane på Austre Åmøy. Guide er lokal entusiast Lars Inge Lunde.

Frå fjorårets tur til helleristningane på Austre Åmøy, med guide Lars Inge Lunde til høgre. Foto: Jakob Hegreberg

I tillegg til kafé og marknad set velforeininga i gong fotballkampar med mikslag og bordtennisturnering i ungdomslokalet. Fotballkampane blir spela i idrettsparken som opna på Vestre Åmøy i fjor.

For dei ekstra morgonfriske er det søndag klokka 09.00 sett opp ein guida tur rundt Kokås med frukost i gapahuken og avsluttande styrketrening i idrettsparken.

Kart som viser Vestre Åmøy grendahus:

Programmet for Åmøydagene 2023.