Benedicte Palko speler på Kulturbruk 4/44 saman med Tanya Becker-Bender på fredag. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Kulturbruk 4/44 er ein unik stad å spele i tospann på. Akustikken er fantastisk, og må opplevast, seier Benedicte Palko då Øyposten vitja ho under førebuingane til fredagens konsert.

Det er stille på bruket tysdag formiddag, og ho har ikkje starta å øvingane for dagen enno. Palko er oppvaksen på Hinna i Stavanger, men har budd i utlandet i 30 år. Først i Danmark, så i USA, før ho landa i Spania i 2002. Der arbeider ho på Musikkhøgskulen i Baskerland.

Sjølv skal ho vere på bruket heile veka, men den andre delen av tospannet, fiolinisten Tanya Becker-Bender, kjem ikkje før onsdag ettermiddag.

Skal undervise

Palko fortel at dei skal ha undervisning for unge talent mellom torsdag og laurdag, og at musikarane som har meldt seg på, er frå mange land, men unntaksvis lokale.

– Det ville jo vore ein god moglegheit for talenta å få lov til å spele i lag med profesjonelle musikarar, så eg undrar meg over at ikkje fleire lokale har meldt seg på, seier ho.

– Har dei ikkje fått informasjon? Rogaland musikkråd har informert alle kulturskular i fylket, men eg lurar på om informasjonen ikkje kjem vidare til ungdom som driv med musikk og foreldre deira? Det er gratis, så eg trur fleire ville meldt seg på viss dei hadde visst om tilbodet vårt.

Ho legg til at dei ikkje treng å vere talent heller for å delta på undervisninga.

– Det er opent for alle som speler fiolin og piano, og som ønskjer litt ekstra undervisning.

Kjem kvart år

Ho kjem tilbake kvart år for å halde konsert på kulturbruket.

– Eg tar med nye musikarar kvart år, for at de her ute skal få oppleve spennvidda i den klassiske musikken, og for at musikarane skal få moglegheita til å oppleve Norge. Tanya Becker-Bender som kjem i år, arbeidar som profesjonell fiolinist i Hamburg.

På konserten fredag kveld, lovar Palko eit repertoar som skal dekke alle kjensler og uttrykk.

– Eg prøver å variere musikken slik at alle skal få høyre noko som dei likar.

Ho meiner at konsertlokalet på kulturbruket er perfekt for denne typen konsertar.

– Her kjem eg tett på publikum, og då føler eg publikum meir enn om dei skulle vore i ein mørklagt sal i Stavanger konserthus. I pausane minglar me, og me er her for å oppleve musikk saman med publikum, seier ho.