Velstanden tok livet av småbrukaren

I 1949 var det 150 000 småbruk i landet, av totalt 213.000 bruk. Dei neste 40 åra forsvann 100 000 av dei. Mange av dei også i øyane.

«Draugen»-plattforma under slep med Ombo i bakgrunnen.
Publisert: Publisert:

NY BOK: Roald Vingelsgaard har farta land og strand rundt for å dokumentera kva som har skjedd med småbrukarane i Norge. Det har resultert i boka «Den lille bonden», som nyleg kom ut.

Boka handlar om husmannen, fiskarbonden og småbrukaren som med slit og nøysomhet fant sitt livsgrunnlag på den norske landsbygda.

I 1979 ga Rolf Jacobsen ut diktet «Den lille bonden». Det har vore ein inspirasjon for forfatteren og fotografen Roar Vingelsgaard som har reist Norge rundt for å finne historien om desse nøysomme slitarane.

Alf Anker Olsen ber inn høyet på den gamle måten på småbruket Bjelkavik på Ombo.

Bjelkavik på Ombo

Boka handlar om ho og han som gjekk frå arbeid til arbeid – kvar dag året rundt. Ho hadde ansvaret for huset og fjøset, og han måtte ta seg arbeid utanfor husmannsplassen og småbruket for å få nok inntekter til å brødfø familien.

Blant plassane Vingelsgaard har oppsøkt er småbruket til Alf og Magnhild Olsen i Bjelkavik på Ombo. Bjelkavik ligg i ei li ned mot Ombofjorden, og var opphavleg ein husmannsplass under garden Tjeltveit på øya.

Då Anna Sofie Olsen overtok småbruket i 1947, måtte ho klara gardsdrifta åleine. Det blei eit stort ansvar for småbrukarkona og dei fire borna. Sonen Alf måtte hjelpa til for å fø familien, alt som som fjortenåring rodde han fiske, skriv Vingelsgaard i boka.

Frå sjøen ved småbruket Bjelkavik fylgde fiskarbonden Alf Anker Olsen med på det spektakulære synet frå den åpne fiskarbåten der han tok opp garna sine.

Brattlendt bruk

Då han tok over garden nokre år seinare, hadde småbruket rundt 40 mål innmark.
Først og fremst dyrka Alf og familien frukt, men graset som vaks mellom frukttrea blei slått, tørka og brukt som fôr til eit par kyr og nokre kalvar, og dei siste åra hadde Alf nokre sauer i fjøset. Bruket var brattlendt, så ljåen blei ein viktig reidskap til slåtten mellom frukttrea.

Det var små forhold for dei fleste gardbrukarane på Ombo. Dei var fiskar-
bønder som gjerne kombinerte dette med frukt- og bærdyrking, og det

meste blei gjort på gamlemåten. Sønnen Arnfinn Olsen fortel om korleis det
var å driva i det små når dei nye maskinane kom. Småbrukaren
og båtbyggjaren Andreas Lien på Ombo fekk besøk av ein separator-agent, og
replikken hans hans blei ståande: «Ka ́ seie du kåna, ska ́ me selja kua, og kjøpa
seperator?»

«Da olja kom, var det heller ingen plass til fiskerbonden i det norske
jordbruket. Utværene hadde blitt nedlagt, og det store samfunnet ville at
hun og han skulle forlate øya og flytte til byen.

Hav og jord skilte lag, og de som fikk seg jobb i oljeindustrien hadde langt bedre økonomiske vilkår enn de som fortsatte å dyrke på land. Sauebonden og beitedyrene forlot utmarka. Den grodde igjen, og gjeterstien og sauetråkket ble borte i det norske kulturlandskapet.

Arnfinn OIsen med sauene på garden Helgaland.

Småbrukartida var over for godt

Småbrukertida var over, og ljåen ble hengende i fjøsgangen for godt», skriv Roald Vingelsgaard i boka «Den lille bonden».

-Det store skiftet skjedde på 60-talet. Det var då den store rasjonaliseringa av landbruket og sentraliseringa begynte, seier Vingelsgaard til Øyposten.

Fram til då hadde storsamfunnet bidratt til å halda oppe småbruka, men det blei det slutt på nå. Han synes bildet av oljeplattforma som ruver i bakgrunnen, mens småbrukaren Alf Anker Olsen frå Ombo sit i robåten, på mange måtar er eit sterkt symbol for den nye tida.

-Kan småbrukaren koma igjen?

-Eg håpar og trur det, viss verdiar som nøysomhet og det å bruka ressursane rundt oss kjem tilbake. Me treng å auka matproduksjonen og då kan gjengrodde utmarker igjen koma til heider og verdighet, meiner han.