Påskekonsert med «General Forsamling» i Hesby-kyrkja

Torsdag 23. mars blir det ein påskekonsert litt utanom det vanlege i Hesby kyrkje. Då kjem «General Forsamling» og skal spela frå påskeplata si, Steidn.

Børre Bratland, alias «General Forsamling» kjem til Hesby-kyrkja.
Publisert:

FINNØY: Generalen sjølv, Børre Bratland har med gode vener til konserten i kyrkja.

Plata har fått gode tilbakemeldingar, mellom anna i Stavanger Aftenblad.

Musikk-sjangeren og stilen til «General Forsamling» er ikkje den vanlegaste for kyrkjekonsertar, men meir i Tom Waits sin stil enn i stilen til Sissel Kyrkjebø. Det kan verka framand for enkelte, men nokre set pris på at framføringa er uglansa og røff, noko som understrekar tekstane på ein sterk måte.

Børre Bratland framfører tekstar omsett til brei jærdialekt. Albumet «Steidn» inneheld seks songar, som er oversett frå engelsk av Kjetil Skrettingland. Plata tekstane er henta frå, «Stone», blei utgitt i 2012 av amerikanaren David Olney.

Tekstane fortel mellom anna om påskebodskapen sett gjennom augene til Barabas, mordaren som folket ba Pilatus om å setja fri, og ikkje Jesus. Me får også høyra om eselet si beistring for å bæra ein konge på ryggen som blir hylla med palmegreiner, og vaktsoldaten som opplever påskemorgon og den tome grava:

«Æg vakte heila nåttå uden pause,
Men mæ daggry når solå ris i aust,
Då såg æg at steidn an va fjærna.
Æg må mella at kråppen æ vekk.»