Khaled Habeeb og John Derek Bishop kjem til Utstein Kloster i helga. Foto: Pressebilete

Om konserten skriv Utstein Kloster følgjande på sine nettsider: «Khaled Habeeb (oud) og John Derek Bishop (live-sampling) er en duo som kombinerer arabisk folkemusikk og elektronisk musikk. Musikken de skaper sammen er improvisert med røtter i tradisjonell arabisk musikk og ambient eksperimentell elektronisk musikk».

Konsertbilletten inngår i den ordinære inngangsbilletten til Utstein kloster, så viss du vil, kan du kombinere eit runde for å sjå på klosteret med ei spesiell konsertoppleving på søndagen.

Stiftinga Utstein kloster er ein del av Museum Stavanger. Klosteret har ein historie som strekker seg lang tilbake i tid.

I følgje historiske kjeldar var Utstein mellom anna bustad for Harald Hårfagre etter slaget ved Hafrsfjord i 872. Sjølve klosteret blei bygd frå 1260-åra, men enkelte bygningsdelar kan ha stått der frå før.