Else Dybkjær f.v, Aina Hovden Lunde, Jakob Bø og Jarle Magnar Vikingstad måler opp kor dagsturhytta skal stå. (Arkivfoto)

FOGN:

Det gjenstår litt praktisk tilrettelegging før bygginga kan starta til våren neste år. Det er grendalaget som har ansvar for dette arbeidet. Kommunen på si side har ikkje underteikna avtale med grunneigar ennå, men held på med utarbeiding av kontrakt.,

– Me på Fogn er i rute. Innfråstrukturen rundt hytta er på plass, men det er enkelte mindre ting som må gjerast, seier Heidi Bø Sangedal som var saman med kommunen på oppmålinga sist tysdag.

Markerer turstien

Blant anna skal det eigen merking til dagsturhytta frå ferjekaia, sjølv om mykje av traseen går langs den allereie merka turstiløypa.

– Det er fordi alle dagsturhyttene over heile landet skal ha lik merking og såleis vera lett gjenkjenneleg uansett kor ein er, seier Bø Sangedal.

Det er Stad Kystbygg AS i Vestland fylke som bygg alle hyttene. Oppstarten her i distriktet er planlagt i løpet av våren.

Hytta er prefabrikkert og kjem som byggesett til kaia på Sørvåg. Derifrå skal materialane fraktast til Ørnakulå med helikopter. Sjølve byggeperioden tek ikkje lenger enn rundt ei vekes tid.

https://www.oyposten.no/2021/11/02/dagsturhytta-treng-namn/

Ut i naturen

Tanken bak dagsturhyttene er å få flest mogleg ut i naturen, oftast mogleg. Målgruppa er «vanlege folk», barnefamiliar, skular og barnehagar.

Hytta skal ligga ved ein etablert sti og ikkje for langt unna bysenteret. Gåturen skal vera rundt 30 - 45 minutt frå startpunktet, og helst skal ein kunne komma til staden ved å reisa kollektivt. Kommunen skal gjera avtale med frivillige organisasjonar om tilsyn med hytta, som i dette tilfellet er Fogn grendalag.

– Fogn innfrir alle desse kriteria, difor er me svært godt nøgd med opplegget her, seier Aina Hovden Lunde som er Natur- og friluftslivsrådgjevar i kommunen.

Totalt skal det byggast 26 dagsturhytter i 23 kommunar i Rogaland. Stavanger er saman med Gjesdal og Haugesund ein av tre kommunar som får to hytter. Den andre i Stavanger kjem på Hundvåg.

Det blir også ein konkurranse for å finne namn til hytta: Les meir ,<a href="https://www.oyposten.no/2021/11/02/dagsturhytta-treng-namn/">her</a>,.