Fant historiske skattar dei ikkje trudde var mulig
Harald Berglie og Tor Olav Hauge er villt begeistra for arkivet som dei fekk kikka gjennom hos Olav Reilstad på Finnøy.
FINNØY: -Rutebok for Stavanger og Rogaland frå 1935, den finst ingen andre stader. Ikkje i Statsarkivet, ikkje i Nasjonalbiblioteket, ingen stader. Men her på Reilstad er ho, seier Hauge og Berglie, og er over seg av begeistring.
I tillegg til å vera over snittet interessert i rutefart og båtar i Ryfylkefjordane, samlar dei også stoff til kultursoga for Sjernarøy. Og i skattkammeret til Olav Reilstad finn dei mykje.
Mjølkerute til byen
- Gjennom vinteren sorterte Einar Reilstad, som for øvrig har ein
klisterhjerne, mest heile dette arkivet. I påsken la dotter mi, Ingveig Reilstad og Einar saman med meg dette i system slik at det nå er mulig å finna fram i samlinga, seier Olav Reilstad.
Dei to rutebåt-entusiastane er særleg oppteken av rutebåten M/K «Finnøy», som bestefar til Olav Reilstad eigde. Han heitte også Olav, og båten gjekk i mjølkerute frå Sjernarøyane via Finnøy til byen.
Kor motorkutteren Finnøy var bygd er ikkje kjent, men byggeåret var 1916. Då heitte båten «Alstein», men i 1931 blei han seld til Finnøy til Olav og Alfred Reilstad, og omdøypt til «Finnøy».
Kom aldri tilbake
Den gjekk frå Eik kvart på sju om morgonen, vidare til Aubøsund, Helgøysund, Judaberg, Reilstad og ankom Stavanger 09.35. Returen var klokka 16.00, som var vanleg avgangstid frå byen for mange fjordabåtar.
Seinare blei han forlenga, fekk ny maskin og blei ombygd til passasjerbåt, og gjekk i ruta Stavanger-Eik via mellomsteder. Under krigen gjekk han i rute mellom Odda og Tyssedal, og kom aldri tilbake til rutefart i Ryfylke. I 1958 blei båten utrangert, etter å ha vore arbeidsfartøy heimehøyrande i Erfjord, og blei senka i Erfjordkjeften.
-Det er slåande kor godt utbygd rutetrafikken var i Ryfylke, alt i mellomkrigstida. Det var mjølkeruter og passasjerbåtar om einannan, påpeikar Harald Berglie, som sjølv har vore ein flittig fjordatravar ombord på DSD-båtane til hytta på Kyrkjøy.
Både han og Tor Olav Hauge er storvegs imponert og takknemlige for det materialet som Olav Reilstad har å by på.
-Det er kjekt å kunna presentera ein del av historia til Reilstad. Under Reilstaddagane var det 120 som var med på den historiske vandringa. Her er historie heilt frå oldefar kom til Reilstad og fekk noko seinare handelsbrev i 1877.
Derfor kunne me i år markera 145 års juileum for familien på Reilstad, seier Olav Reilstad.