Ba om 200.000 til kultursoga for Finnøy

Kåre Vargervik og Signy Eike Kongsvik fekk lagt fram ønsket om 200.000 til kultursoga for Finnøy, då dei onsdag møtte Stavanger-politikarane.

Publisert: Publisert:

STAVANGER: Vargervik og Eike Kongsvik presenterte arbeidet med kultursoga for medlemmene av utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog. Mellom anna er det samla inn 2500 fotografi til boka.

Frå før har kultursoga fått 1,5 millionar kroner i offentleg støtte frå Finnøy kommune. Ifølge Signy Eike Kongsvik var håpet å få kultursoga ferdig til jul i år, men på grunn av pandemien må finnøybuen smørja seg med tålmodighet til neste år på desse tider, før soga er på beddingen.

Leiaren i utvalet, Bjarne Kvadsheim (sp) uttrykte stor tilfredshet som leiar i Stavanger Mållag med at kultursoga blir skriven på nynorsk. Noko løfte om meir pengar kom likevel ikkje over bordet. Det var heller ikkje venta, sidan presentasjonen i første rekke var mynta på neste års Stavanger-budsjett, som kjem fredag 21. oktober.

Det er Finnøy historielag som er koordinator for arbeidet, og pengane det blir bedt om skal gå til trykking av soga. Kultursoga blir ført i pennen av historikar Birger Lindanger, som skriv utan honorar. Det vil han få utbetalt når salget av boka er i gang.

I tillegg til å vera skriven på nynorsk, skal det også vera innslag av dialektord i boka. Historielaget har fått avtale med heile fem korrekturlesarar, som skal sørga for at det blir eit godt språk i kultursoga.

Det same utvalet avslo ein søknad tidlegare i år om 125.000 kroner i støtte til boka. Høyres Line Møllerop ville vita kor vanleg det var at kommunen støtta bokprosjekt som dette, og leiaren viste mellom anna til at Stavanger bys historie var heilt og fullt dekka av kommunen.