Pryl på dans
«Eg har smakt finnøytomat ein gong, men det var eit naudstilfelle.»
Av Maren Bø
Utsegna kom ikkje uventa av ein rennesøybu, og av alle stadar så kan du høyre liknande historie på Finnøypodden 4160: Det var lang kø på Prixen, heilt fremst fann rennesøybuen ut at ho hadde plukka med seg finnøytomatar. Då stilte ho seg i kø på ny, no med tomatar frå den «rette» avsendar.
Og mannen hennar, han hadde visst aldri elska ho høgare enn då.
Trass tomatar, i min oppvekst var det faktisk mosterøybuen me mislikte aller mest. Spesielt hugsar eg rykte om at det var observert doping i mosterøymiljøet under Rennesøymarsjen.
Korleis kunne dei? Det viste seg å vere halstablettar, og det vart ikkje vidare behov for urinprøvar. Finnøybuen såg me stort sett berre når me skulle spele fotballkampar. Spelarane med raude trøyer var robuste, avla opp på mjølk rett frå kua, og hadde ein noko grapsen spelestil.
Øy er tjukkare enn vatn
Det skal forbløffande lite til for at menneske kjenner på samhald.
Psykologiforelesaren min fortalde om eit studie som viste at menneske med bilskilt som enda på dei same tala, kunne kjenne på eit fellesskap. Det var altså større sjanse for at du og han andre i gruppa med det bitte litt like bilskiltet vart vener, enn du og han med totalt ulike bilskiltet. Med dette i mente, er det ikkje rart at det å bu på same øy skaper eit sterkt band.
I 1992 fekk Rennesøy ein «snarvei til byn». Anbefaler forresten alle å hente fram kassetten med same namn som vart laga til Rennfast-opninga. Her syng Martha Rise at snarvegen til byn gjer at me kan kjøre fort som eit lyn. Lyntunellen gjorde mykje både for og med rennesøybuen.
Bandet og fellesskapet utvida seg, men bandet kunne óg, for nokre, bli
nærast innskrenka. Dei som var for tunellen kunne dra nytte av verda utanfor øya, dei som var i mot kunne irritere seg over tilflyttinga og at «dei ikkje kjente nokon på butikken lengre».
Tunellen er kanskje ikkje rota i det turbulente Finnøy-Rennesøy-forholdet, men han hjelpte i alle fall ikkje til. Då Rennfast var nedbetalt, var rennesøybuen klare på at bompengane skulle vekk.
Finnøybuen var ikkje einige, og meinte at sidan dei gjennom tiår hadde vore med å sponsa Rennfast, så skulle også Rennesøy vere med å sponse Finnfast – ved å betale meir bompengar.
Rennesøybuen derimot, meinte at til og med folk frå Oslo, og England, hadde vore med å sponse Rennfast. Rennesøybuen truga med søksmål og bygde like godt ein traktorveg rundt heile bommen. På denne vegen kosta det, i motsetting til 190 kroner, berre 50 øre ved passering.
Resultatet var innslag på Dagsrevyen, og god, men hissig stemning.
Bompengane bestod i Rennfast eit ekstra halvår, og brått kjentest finnøybuen mykje verre ut enn mosterøybuen.
Ven med fienden?
Programleiaren på Finnøypodden fortel at han aldri før har sett far sin så sint som då tunellkrigen stod på. På Rennesøy var det ikkje betre. Eg vart fortalt at dei som støtta Finnøy, ikkje kunne seie det høgt ute blant folk. Då var det berre å pelle seg heim.
Det er faktisk verd å referere meir frå denne Finnøypodden. Sjølv om programleiarane hevdar at podkasten er av finnøybuar til finnøybuar, veit eg om eit par sniklyttarar frå Rennesøy.
Eg kan røpe at talet auka då dei hadde besøk av ein rennesøybu, frå Madla.
Programleiaren fortel i same episode at han, i følgje Facebook, ikkje har ein Ikkje ein einaste ven frå Rennesøy. Her anbefaler eg forresten alle å gå inn å sjekke. Skriv inn stadnamn på venelista di og søk.
Hos meg var 2 av dei 870 Facebook-venene mine var frå Finnøy. Ho eine anar eg ikkje kven er, ho andre trefte eg på vidaregåande i Stavanger.
Trass pryl på dans, får dei det te
Rennfast kan likevel ikkje seiast å ha all skuld i det skrantande Finnøy-Rennesøy forholdet. For finnøybuen har visst blitt banka opp på dans i all den tid. De forstår sikkert at kjeldene her også kjem frå Rennesøy.
Eg kan ikkje stå for kven som banka kven, men det eg veit er at blodet rant og tennene føyk. Om slåssinga berre var ein hobby, eller om det var det noko
underliggande som trigga øybuarane, er vanskeleg å seie.
Og viss du dukkar djupare ned i naboøy-forholdet, finn du fort ut at det heile kunne vore ein sosialantropologisk doktorgrad. Rennesøybuen hevdar til dømes at finnøybuen har betre sjølvtillit. Sjå berre på alle gründerane der ute - dei som «får det te».
Eg blei også fortald at på Finnøy heiar dei enormt på kvarandre, og når det skjer ting der ute, så støttar dei opp om dei lokale arrangementa. Ta til dømes den forbaska vellukka Tomatfestivalen. Då deltek alle på dugnad. Ikkje nok med at alle elskar dugnad der borte, men dei held visst óg betre på dialekta.
Nå skal det nemnast at Rennesøydagen er på veg opp, oppsummeringa her er vel likevel det som etterkvart har blitt ein rennesøyfrase: «På Finnøy får de det te».
Men så kan ein tenke at finnøy-påstandane over eigentleg er ganske positive? Er kanskje problemet at dei har litt for god sjølvtillit? Og kva viss du spør finnøybuen om rennesøybuen?
Eg veit ikkje, eg har jo ingen vener frå Finnøy.
Snarveg og akilleshæl
Utanom tomatar og fotball, så har faktisk Rennesøy og Finnøy noko anna viktig til felles: Øyposten sjølvsagt. For alle kan vel vere samde i at det er betre å dele avis med naboøya enn nokre byasar frå Randaberg. Ein stad må grensa gå.
I det litle observasjonsstudiet mitt kan det verke som finnøybuen gjennom tidene har mislikt rennesøybuen litt meir enn motsett. Kanskje har rennesøynasane peika meir mot freistnadane i Stavanger, og lite visste me om at akkurat «snarveien til byn» óg skulle bli akilleshælen vår. For var det verkeleg slik at mens finnøybuen handla av kvarandre, gjekk på lokale arrangement og «fekk det te», så tusla me, rennesøybuen, rundt på Tastasenteret?
Det positive er at det også kan verke som hatet byrjar å døy ut. Nokre rennesøybuar kan til og med uttale at dei lar seg inspirere av Finnøy.
I Vikevåg er ein ny sentrumsplan på gang. Kafé, minikonsertar, næring og stemning. Kanskje gjer det at rennesøybuen gløymer Tastasenteret litt. Om me ikkje skal arrangere noko Tomatfestival så kan det bli starten på noko forfriskande nytt.
Me veit det jo: at dersom me handlar av kvarandre og brukar tilboda her, så ballar det fort på seg. Og kven veit, plutseleg kjem det også eit Vinmonopol? Det har dei i alle fall ikkje på Finnøy.
*I denne teksten finn du ein heil del kjelder og sitat. Eg lar avsendarane vere anonyme, av omsyn til vedkommande neste gong dei skal på bygdedans.
Her passar det kanskje også å oppmuntre til å ta turen på foredraget av tidlegare Oilers-spelar på Innbyggartorget i Vikevåg 12.04, kl. kl. 08.00-09.30 : Sammen er vi sterke – eit foredrag som handlar om: «Hvordan kan vi i Finnøy og Rennesøy kommunedeler bli sterkest mulig sammen?»