Anders (92): – Det gamle «ystekaret» vekte minner
Eit bilde frå Tomatfestivalen fekk Anders Rørheim til å minnest då han blei døypt i myse som lærling.
Anders Rørheim jobba som dreng på Finnøy i unge år, og på Tomatfestivalen nyleg hadde han og broren Valter stand der dei synte fram sølvarbeid.
Då Anders fekk sjå bilde i Øyposten av eit mageplask i tomatgrava under Tomatfestivalen, kom han på noko han sjølv opplevde for 75 år sidan.
– Ja, dette bildet vekte minner hjå meg, skriv Anders i ein mail:
– Då eg såg dette gamle «ystekaret» tenkte eg at det godt kan vera frå det gamle meieriet på Judaberg.
Sommaren 1948 jobba han som lærling på Ryfylke meieri på Judaberg:
– Før eg byrja, åtvara, eller skremte, folk meg og sa at du vert døypt som den yngste. Dei hiv deg oppi ystekaret etter at ostemassen er tatt ut og det bare er den varme «møsa» igjen.
Mysen hadde ein temperatur på over 30 grader, minnest han.
– Eg fekk eit godt råd; ikkje stritta imot når dei grabba deg og hiv deg oppi, fortel Anders:
– Oppi kom eg. Eg dukka opp, og dei klemde meg ned ein gong. Og eg lo. «Han her e’ ein løyen lærling», hugsar eg dei sa.
I dag tenker Anders tilbake på hendinga med blanda kjensler:
– Det var ikkje mykje snakk om miljø eller gjenbruk i dei dagar. Den som fôr så verdirike møsa fór rett i sjøen.