Finnøy skule støttar organisasjonen «Med hjerte for India». Torsdag 22. februar lagar elevane ei stor tilstelling i Kulturstova på skulen med kafé, ulike aktivitetar og utlodding. Dørene opnar klokka 10.45. Arrangementet er ope for alle som vil kome og varer eit par timar.

Elevane har vore rundt på Finnøy og samla gevinstar til ein basar.

På programmet står både song og presentasjon av «Med hjerte for India». Organisasjonen held til i Nagpur midt i India og jobbar med å hjelpe born i Raj Nagar-slummen. Dei held på å bygge eit aktivitetssenter som Finnøy skule har vore med og samla inn midlar til, står det i eit skriv frå skulen.