Thea og Linnea var nissejenter som selde kaffi og anna godt i julekaféen. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Julaløå er open laurdagar og søndagar mellom 11 og 16, informerer Eirik Linndal som driv garden som ligg i Lauvsnesvegen på Finnøy.

– Og elles etter avtale, legg han til.

I år kan dei by på julerebus. Oppgåveark får ein gratis i julekaféen inne i løa. Turen er på omtrent ein kilometer i delvis ulendt terreng.

Her går du inn i julaløå. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Me har også julekino klokka 12 og 14 i helger, fortel han.

Andre aktivitetar er pynting av ferdige kransar, som ifølgje Linndal, var ein populær aktivitet i fjor.

– Det er også sal av heimelaga ting og anna nips i julebutikken, fortel han.

– Og neste helg startar sal av juletre frå tun og sjølvhogst kvar dag.

Han fortel at kino og rebus er gratis, og at det er andre gratis aktivitetar også.

Tre-Rudolf ønskjer velkomen inn i julaløå. Foto: Silje Talgø Klakegg

Nissejentene i kafeen fortel Øyposten at det har vore ein del folk innom allereie.

– Men har du ikkje tatt turen enno, er det framleis fleire moglegheiter, seier dei.

Julaløå skal halde opent i helgane fram til jul.