Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn.

Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Det er fine premiar å hente for dei som les, høyrer eller blir lesne for, OG registerer det på sommarles.no. Premiane kan hentast på biblioteket etterkvart som dei ulike levela blir nådd.

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får poeng for kvar side dei les.

Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og varer frå 1. juni til 31. august. Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I tillegg til poeng, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket. Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

...