Kaja Gjersem Nygaard er blant forfattarane som kjem til krimfestivalen i Østhusvik på fredag. Foto: Pressefoto

– No er det snart påske, så dette er ein ypparleg moglegheit til å skaffe deg eit signert eksemplar av årets påskekrim, seier festivalsjef Simen Ingemundsen:

– I pausane blir det mingling med forfattarane, og det vil vere gode moglegheiter for å stille dei spørsmål om det du måtte lure på.

Lytt og et

Krimfestivalen vil finne stad på Fjordbris Hotell, der du også vil ha moglegheita til å få deg eit godt måltid i restauranten.

– Dette er ein lokal kriminalfestival med lokale krimforfattarar. Krimfestivalar er populært som aldri før, og dei blir arrangert til dømes i Tvedestrand og Jessheim. I tillegg er det jo den store krimfestivalen i Oslo som trekk til seg mange tusen deltakarar. Det spørst om me klarer å samle så mange på Rennesøy, men me vonar at det i alle fall blir nok selde billettar til at me kan gjenta dette seinare år.

Framleis ledig

Ingemundsen fortel at det til no ikkje er seld så mange billettar, men at han håper at fleire vil kjøpe i løpet av veka.

– Det vil også vere mogleg å få kjøpt billett i døra, seier han.

Rapartisten Markus Tingen vil stå for den musikalske biten av programmet. Stavangerartisten er aktuell med EP-en «Til Ungdommen» som kom ut i 2023.

Forfattarar kjem

Krimdebutant Kaja Gjersem Nygaard kjem til festivalen. Ho gav nyleg ut krimboka «Et mørkere vann», der handlinga er lagt til Stavanger og Jæren.

Lars Helle kjem også. Han har skrive ei lang rekke krimromanar sidan debuten i 2004. Først ute var krimserien om politimannen Gunnar Holt, og seinare har han skrive om Kurt Stille. Den siste boka til Helle blei gitt ut i 2023 og heiter «Den som hengir seg til djevelen».

Det var Lars Helle som vann den første Sølvkniven i 2018. Denne fekk han for krimromanen «Ingenting å skamme seg over».

I tillegg kjem Gunnar Henriksen til Blodig Alvor. Han har skrive eit variert bibliotek, der fleire krimbøker har kome ut or hans penn. Han er marinbiolog, og har også skrive ei fagbok om kystsel.

Utdeling av prisar

I år skal Sølvkniven og Messingkniven delast ut, men sidan det ikkje var mogleg å få prisvinnarane til arrangementet på fredag, vil utdelinga av desse skje på Randaberg 23. mars.

Blodig Alvor står bak prisane Gull-, Sølv- og Messingkniven. Gullkniven delast ut kvart tredje år. Dette er ein heiderspris. Annakvar gang går prisen til forfattar og annakvar gong går han til ein krimkarakter.

Sølvkniven delast ut kvart år, og går til den beste krimboka frå fjoråret, men ikkje til debutantar. Bronsekniven delast ut kvart år til ein debutant. Nytt av året er Messingkniven, som er ein bransjepris. Prisen går til nokon i bransjen som har fremja krimlitteratur på ein god måte gjennom året.